Lokal | 18. sep. 2019

Ung mopedist utan førarkort

Ein mann blei tatt med narkotika, ein gut utan lappen blei stoppa i Os sentrum.

Ung mopedist utan førarkort
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 18. sep. 2019 09:11

Tysdag i 20.30-tida kontrollerte politiet ein mann dei møte nord for Os sentrum.

Vedkomande, som er i 20-åra, hadde mindre mengder hasj på seg, og politiet har oppretta sak.

I 22-tida stoppa dei ein moped i Os sentrum.

– Mopedførar er gamal nok til å køyra moped, men hadde ikkje gyldig førarkort. Vi tok beslag i nøklane og ringte foreldra, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Det er oppretta sak.

Seinare på kvelden, klokka 23.40, stoppa dei ein bil på Byvegen. Bilen var ikkje EU-godkjent, så den blei avskilta.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.