Lokal | 18. jan. 2012

Ungdom fjerna frå Undino

Politiet tysdag: Feilparkert bil, mann som ikkje møtte i retten, krav om innlevering av våpen og ungdom som samla seg ved Undino.

Ungdom fjerna frå Undino
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 18. jan. 2012 11:01

Tysdag hadde politiet i Os eit par småting å ta hand om.

– Vi hadde fått ei bekymringsmelding etter funn av våpen i bil, og fekk eigar til å levera inn diverse luftvåpen og ein paintballpistol (markør, red anm), fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.

– No vil vi i ettertid vurdera om det er rett å levera desse tilbake igjen til eigar.

• Politiet i Os var også i Bergen i går, for å henta inn ein som ikkje møtte i retten.

• I løpet av dagen fekk dei også melding om ein feilparkert bil. Bilen sto til hinder, men eigar kom til staden og flytta den då politiet blei kopla inn.

• Tysdag kveld fekk politiet melding om ungdom som samla seg i rundkjøringa i sentrum, ved skulpturen Undine. Dei blei sendt i marsj frå staden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.