Reise og turisme | 05. aug. 2025

Ungdom på vakt langs bryggekanten

Ein sommarjobb fleire legg merke til.

Ungdom på vakt langs bryggekanten
Dagleg leiar i Os Turn Handball, Christian Bugge, saman med hamneverten Thale Borgen ved vaktskifte måndag. Foto: Elin Johnsen / Midtsiden
Elin Johnsen
Elin Johnsentysdag 05. aug. 2025 10:51

Os Turn Handball er på tampen av sin andre sesong med hamnevertoppdrag.

Dei fekk oppdraget av kommunen i fjor.

– Ein kjekk sommarjobb

Denne veka er det Thale Borgen (17) som har fått ansvaret i Os hamn. Ho møter opp klokka 10.

Då går ho ein runde mellom båtar og campingbilar, helser på tilreisande, og sjekkar at alt er på stell.

Så er det ny økt klokka 18 på kvelden.

– Det gjekk heilt fint i dag tidleg, det var ikkje så mange båtar. Og nokre av båtane var det ikkje folk i, sa Thale til Midtsiden måndag formiddag.

Tomas Hesthammer sette stor pris på besøk av hamnevert Thale Borgen og «coach» Bugge på morgonkvisten. Foto: Elin Johnsen / Midtsiden
Tomas Hesthammer sette stor pris på besøk av hamnevert Thale Borgen og «coach» Bugge på morgonkvisten. Foto: Elin Johnsen / Midtsiden

Thale skal starta på andre året ved Fusa videregåande skule til hausten, på linja for kunst, design og arkitektur. Ho er éin av fleire ungdomar som vekslar på hamnevertoppdraget.

Jobben som hamnevert har ho berre denne veka, men ho er glad for å ha fått oppdraget.

– Det er ein fin jobb, vi blir kjent med greie folk, og dagen startar med ferske bollar. Det er hyggeleg. No håpar eg berre at vêret heldt seg nokolunde utover i denne veka eg skal vera vert, legg ho til.

Oppgåvene

Hamnevertane har fleire oppgåver enn å dela ut bollar og sommaravis.

Dei informerer om betaling for båtplass og overnatting, sjekkar at toalett og dusj er reine, og gir beskjed dersom konteinaren er full eller om noko manglar.

– Dei tek seg ein tur innom saunaen òg for å sjå at alt ser greit ut, seier Christian Bugge, dagleg leiar i Os Turn Handball.

Det er Os Turn som eig og driv saunaen.

Fekk nok søkjarar

Klubben har ansvar for ordninga på oppdrag frå kommunen. Det er Os Turn Handball som lyser ut jobben, tar imot søknader og organiserer turnusen.

– Vi fekk ikkje så mange søknader i år, så alle som søkte fekk jobb etter vi prata med dei.

– Sju ungdommar har delt på vekene. Dei får 200 kr for kvar økt, morgon og kveld, og vi får gode tilbakemeldingar på innsatsen deira, fortel Bugge.

Klubben får betalt av kommunen og lønnar ungdommane. Bollane til gjestane deler dei ut med støtte frå Kiwi, som er Os Turn Handball sin sponsor.

Har støtte

Dersom det oppstår noko uventa eller vanskeleg, har ungdomane alltid ein vaksen dei kan ringa til. Bugge sjølv, Hege Engelsen og den rutinerte hamneverten Astrid Rastad er bakvakter.

– Det har vore svært roleg i sommar. Vi har berre fått nokre få telefonar i løpet av sommaren, mest om båtar som kanskje låg feil. Éin gong var det ein som såg ut til ikkje å ha gjort opp for seg, men det viste seg å vera ei misforståing, fortel Bugge.

Ungdommane rapporterer inn og har kontakt med kvarandre via ei eiga Spond-gruppe, der dei held kontakten med kvarandre og dei vaksne.

– Flotte ungdommar

Bugge er tydeleg stolt av dei unge hamnevertane.

– Dei har vore ansvarlege, blide og pliktoppfyllande.

– Vi har hatt eit nydeleg vêr, og det hjelper jo på humøret til både gjestane og dei som jobbar. Dette er verkeleg eit positivt oppdrag for idrettslaget, avsluttar han.

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.