Lokal | 21. juni 2013

Ungdom rydda i Ervikane

Foreldre fortel om ungdom som tok ansvar etter fest og flaskeknusing i Ervikane onsdag kveld.

Ungdom rydda i Ervikane
Ervikane. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 21. juni 2013 10:35

Onsdag kveld var mange ungdomar samla i Ervikane, torsdag morgon fekk Bergen og Omland Friluftsråd melding om flaskeknusing og hærverk i det populære friluftsområdet.

– Det er svært alvorleg. Det er nesten umogleg å få vekk alle glasskora, og dette er eit område der mange vaksne og born går barbeint i sommarmånadane, sa driftsleiar i BOF, Oddmund Dingen, til Midtsiden i går.

Meldinga gjekk ut på at festdeltakarane var ungdomar som onsdag feira at dei var ferdig i 10. klasse, og at det var ungdomar frå alle dei tre ungdomsskulane i Os. Midtsiden har i etterkant fått melding om at Os ungdomsskule ikkje hadde vitnemål-utdeling onsdag, men torsdag, og at det derfor truleg var få og kanskje ingen frå akkurat denne skulen.

Rektor ved Nore Neset skule, Terje Hermansen, stadfestar at han kjente til den planlagte festen, og at han, sjølv om elevane onsdag kveld ikkje lenger var under skulen sine vengjer, ville oppmoda dei om å rydda etter seg.

– Tok ansvar

– Nokre av 10. klassingane fortel at det også var fleire eldre ungdomar i Ervikane, folk frå vidaregåande skular, som sat igjen seint på kvelden. Ein gjeng av årets 10. klassingar var likevel i Ervikane og rydda torsdag.

– Gjengen som eg kjenner møtte dessutan fleire andre ungdomar som var og rydda i går, fortel ei mor.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.