Lokal | 24. mai 2019
Ungdomar stakk frå rekninga
Skal ha delt ut snop før dei stakk frå restauranten.
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 24. mai 2019 09:41
Torsdag fekk politiet melding om tjuveri frå ein restaurant i Os.
– Det skal ha vore seks ungdomar som gjekk frå restauranten utan å gjera opp for seg, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.
I forkant skal dei ha delt ut snop til andre gjestar.
– Vi veit ikkje kven dette er, men om fleire vitne har signalement så ønskjer vi at dei tar kontakt, seier Lyssand.
Mann mistenkt for GHB
Ein mann som blei kontrollert av politiet i går, er mistenkt for å ha narkotika på seg.
– Patruljen fann noko vi trur er GHB. Væska blir sendt til analyse.