Lokal | 28. mai 2018

Ungdomar velta badebrygge - kan bli meldt til politiet

– I dag var dei tilbake med same aktivitet. Då eg bad dei stoppa svarte dei med frekk tone.

Ungdomar velta badebrygge - kan bli meldt til politiet
Badebrygga i Mobergsvikjo. Dette bildet er tatt 21. mai, og ungdomane på bildet har ikkje noko med episoden å gjera. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 28. mai 2018 19:50

Søndag blei badebrygga i Mobergsvikjo velta av ein ungdomsgjeng.

– Dei vugga fram og tilbake til brygga velta. Ein gut skal ha blitt skadd i hovudet då brygga velta, fortel eit vitne til Midtsiden i 14.30-tida måndag.

Ho hadde då sett same gjengen tilbake på brygga, i tilsvarande aktivitet.

– Fleire ungar i barneskulealder våga ikkje å svømma ut der då dei heldt på. Då eg ropte ut og bad dei stoppa, svarte dei frekt tilbake. Då eg sa at eg ville ringa politiet gav dei seg.

Brannvesenet rykte ut

Tilfeldigvis var ein av dei tilsette i brannvesenet i Vikjo då brygga blei velta. Brannvesenet har ansvar for drift av Os hamn. Han kontakta brannsjef Stein Gjøsund, som var på vakt.

– Eg snakka med far til ein ung gut som var nær brygga då den velta. Han hadde smerter i brystet etter å ha blitt truffe av anten brygga eller ein fot i samband med velten, fortel Gjøsund.

Han fekk òg ein alvorsprat med ungdomen, som han skildrar som mellom 18 og 22 år.

– Brygga var velta og stigen var røska laus. Dette er hærverk. Men det mest alvorlege er faren for at nokon skal bli skadd mens dei er i sjøen.

– Dei prøvde å snu brygga tilbake, noko dei ikkje klarte. Dei lovde å koma tilbake med båt for å snu brygga, men den låg framleis opp-ned måndag morgon.

– Dei kan få rekninga for snuoperasjonen

Gitle Smaadal i Os brannvesen fortel at BOF (Bergen Omland Friluftsråd) var på plass med arbeidsbåt under ein time etter at han ringte for å få brygga på rett kjøl.

– Brygga er snudd rett veg og eg har fått namnet på nokre av ungdomane som var involvert i velten. Vi vurderer å melda dei til politiet.

– Om det kjem rekning frå BOF for utrykkinga med arbeidsbåten blir denne òg sendt vidare til dei som snudde brygga, seier Smaadal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.