Lokal | 27. des. 2019

Ungdomsrådet har laga videoar mot mobbing

Humor og alvor då Erik og Evgenia besøkte kommunestyret.

Ungdomsrådet har laga videoar mot mobbing
Erik Lunde og Evgenia Taranova frå interimstyret i Bjørnafjorden ungdomsråd hadde snikpremiere av antimobbekampanje i kommunestyret. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 27. des. 2019 10:54

I årets siste kommunestyremøte tysdag 17. desember, sto val av ungdomsråd, eldreråd og råd for menneske med nedsett funksjonsevne på sakslista.

To representantar frå interimstyret i Bjørnafjorden ungdomsråd, Erik Lunde og Evgenia Taranova, fekk dessutan taletid.

Då blei det tid for både latter og ettertanke. For det første er Erik (15) så slåande lik far sin, kommunestyrerepresentant og tidlegare varaordførar Børge Lunde (H), at han med «utestemme» berre trengte å seia namnet sitt for at humøret i salen skulle stiga to hakk.

For det andre hadde Erik og Evgenia med seg nokre videoar med alvorleg bodskap, men eit morosamt overraskingsmoment.

Lansering på nyåret

Vi vil ikkje avsløra innhaldet i videoane no, desse skal «sleppast» éin etter éin for medelevane på ungdomsskulane i Bjørnafjorden utover vinteren.

– Vi ville laga ein kampanje mot mobbing, og fokuserer på ord som ikkje er banneord, men blir brukt som skjellsord. Desse orda er kanskje ikkje sårande venar imellom, men dei som står rundt og høyrer denne bruken av ord, kan føla seg såra, forklarte Evgenia.

Ungdomane slo frå seg å laga plakatar, og har i staden engasjert Varde til å laga videoar.

– Vi kom til Varde med ideane våre, og har hatt eit godt samarbeid om manus og prosjekt, fortel Erik, som ser fram til å starta kampanjen.

Oppdatert etter lansering - her er ein av videoane:

Fekk det formelle i orden

Etter ny Kommunelov skal alle kommunar ha eit råd der ungdom sine interesser er representert. Kommunestyret vedtok i møte 19.11. vedtekter for eit lokalt ungdomsråd i Bjørnafjorden kommune. I denne saka vart det bestemt at rådet skal ha 9 medlemer.

Vala vert gjort for 2 år. Ungdomsskulane, dei vidaregåande skulane, ungdomsorganisasjonar og andre interesserte har blitt invitert til å koma med forslag til kandidatar til ei valliste. Skulane er tilskrivne og valet er kunngjort via nettsider, sosiale media og avisannonsar.

Aud-May Boge (H) tok ordet og utfordra ordførar på det formelle rundt val av ungdomsråd, og dei to andre råda som sto på lista, der kandidatane skal fremjast politisk før val.

Partikollega Marie L. Bruarøy understrekte at framlegget til vedtak og lista over kandidatar såg flott ut, men at dette handla om å gjera det formelt korrekt.

Dette blei undersøkt og løyst ved at ordførar fremja kandidatane. Framlegg til samansetjing av ungdomsråd med faste representantar og varafolk sto ikkje i sakspapira, men blei ettersendt.

• Les òg: Bjørnafjorden ungdomsråd på gang (bjornafjordenkommune.no)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.