Lokal | 30. mai 2019

Ungdomstal skaper glede og uro

Omfattande undersøking i Os: Sånn har ungdomen det.

Ungdomstal skaper glede og uro
Ruskonsulent i Os kommune, Per Gunnar Lunde Oseng, presenterte rapporten frå Ungdata. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 30. mai 2019 10:53

Bildeserie:

Tenesteutvalet var samla i kommunestyresalen i går. (Foto: KVB)
Tenesteutvalet var samla i kommunestyresalen i går. (Foto: KVB)
Tal frå vgs.
Tal frå vgs.
Tal frå ungdomsskulane.
Tal frå ungdomsskulane.
Tal frå vgs.
Tal frå vgs.
Tal frå ungdomsskulane.
Tal frå ungdomsskulane.
Tal frå vgs.
Tal frå vgs.
Tal frå ungdomsskulane.
Tal frå ungdomsskulane.
Tal frå vgs.
Tal frå vgs.
Tal frå ungdomsskulane.
Tal frå ungdomsskulane.
Tal frå vgs.
Tal frå vgs.
Tal frå ungdomsskulane.
Tal frå ungdomsskulane.
Tal frå vgs.
Tal frå vgs.
Tal frå vgs.
Tal frå vgs.
Tal frå vgs.
Tal frå vgs.
Tal frå vgs.
Tal frå vgs.
Kjønnsforskjellar i Os.
Kjønnsforskjellar i Os.
Tal frå ungdomstrinnet.
Tal frå ungdomstrinnet.
Tal frå vgs.
Tal frå vgs.
1 av 18

Tenesteutvalet i Os kommune fekk i går presentert resultata frå den omfattande undersøkinga «Ungdata», som blei gjennomført i veke 3 til 8 av over 1200 elevar ved ungdomsskulane (658 elevar, svarprosent på 87) og dei vidaregåande skulane (637 elevar, svarprosent på 77) i Os.

Ungdata omhandlar fleire tema i ungdommane sitt liv, som til dømes foreldre og vener, skule, lokalmiljø og rusmiddelbruk.

Rapporten er utarbeidd av Ungdatasenteret i samarbeid med KoRus-Vest Bergen.

• Sjå fleire tal i bildeserien over - sjå all statistikk (saksdokument) og kommentarane frå politikarane på oskommune.kommunetv.no

Resultatet av undersøkinga blei presentert av Per Gunnar Lunde Oseng, ruskonsulet i Os kommune.

– Når vi les statistikk som denne er det viktig med eit visst atterhald. Ikkje alle har svart, og vi veit ikkje noko om desse 223 elevarne (14,3 %) som ikkje har svart. Når det kjem til sjølvrapporterte klager må vi òg hugsa at dette ikkje er det same som ein diagnose.

Foreldra (og alkoholvanene deira) betyr mykje

I hovudsak er det gjort svært positive funn i undersøkinga. Dei fleste er heimekjære, aktive og sunne, har venar, trivst på skulen og ser lyst på framtida. Ungdomen er nøgd med foreldra sine, og blir meir nøgde etterkvart som dei blir eldre. Heile 95 prosent av jentene i VG3 er nøgde med foreldra sine.

Samtidig seier dei at dei ikkje ønskjer å sjå at foreldra er påverka av alkohol. 88 prosent forventar at foreldra er edrue og kan henta dei på fest om natta.

– Eg gler meg over å sjå at heimen betyr mykje, og at foreldra står høgare i kurs utover i ungdomstida, sa Jakob Enerhaug (KrF) då politikarane fekk koma med kommentarar til undersøkinga.

– Dette med foreldre og alkohol håper eg posisjonen tar til seg, og at innstillinga frå administrasjonen når det kjem til skjenkesaker av og til blir lytta til. Det har noko å seia kor tilgjengeleg alkoholen er, meiner han.

Saknar ein plass å møtast

Både elevane på ungdomstrinnet (38 %) og vidaregåande (33 %) synest lokalmiljøet er dårleg på éin ting; ein stad der ein kan treffa andre unge.

Dette blei følgd opp i eiga sak, som vi kjem tilbake til; «Ungdom i Os - forslag til vidare satsing».

40 prosent av jentene føler seg seksuelt trakassert

Oppsummert ser Oseng desse skilnadane på jenter og gutar:

• Gutar er meir nøgde, trass dårlegare karakterar, fleire slåstkampar og fleire regelbrot. Dei føretrekk dataspel framfor sosiale media. 20 prosent av gutane på VG3 har prøvd cannabis. Eit høgt tal, men lågare enn landssnittet (24 %) og langt bak Oslo (38 %).

• Jenter er flinkare på skulen, men har dårlegare sjølvbilde og føler meir press på å prestera. Dei sjølvrapporterer òg fleire psykiske plager og har fleire fysiske plager. Dei blir òg utsette for seksuell trakassering.

Heile 40 prosent av jentene på VG1 fortel at dei har blitt seksuelt trakassert.

– Her ser det ut som om nokon har eit alvorleg haldningsproblem, meinte utvalsleiar Emil Tetlie Brimsholm (H).

Fleire reagerte på talet. Eirik André Hesthamar (Frp) var overraska.

– Med alt fokuset som har vore på dette i media siste året, kan det ha vore sjølvforsterkande? Seier undersøkinga noko om dette? undrast han.

I bildeserien over ser du meir nyansert kva undersøkinga har spurd om og kva elevane har svart.

Sex og sjølvbilde

Tala viser blant anna òg at rundt halvparten av elevane på vidaregåande trinn har hatt samleie.

– Det er lett å tru at «alle har hatt sex», men sånn er det altså ikkje. Men det er altså sånn at berre 60-70 prosent brukte prevensjon første gong dei hadde samleie, her er det tydeleg at vi har noko å jobba med.

78 prosent av gutane på VG2 er nøgde med utsjånaden sin. 39 prosent av jentene på 10. trinn seier det same.

– Mange jenter opplever dessverre eit sterkt press og har samtidig eit dårleg sjølvbilde. Dette er noko vi må ta på alvor, sa Oseng.

Han hausta latter då han, noko spøkefullt la til;

– Kanskje det er sånn at nokon burde tatt dei med seg i garderoben på Osbadet og vist dei korleis ein vanleg kropp ser ut.

28 prosent av jentene i 8. trinn seier dei har vurdert sjølvskading det siste året.

– Dette uroar meg. Kva kompetanse har vi til å hjelpa? spurde Siren Tømmerbakke (Sp).

Både ruskonsulenten og kommunalsjef Line Rye ramste opp helsetilboda og MOT sin innsats i skulane.

– Men vi spør alltid oss sjølv om det er noko vi kan gjera betre. I juni skal vi ha ei samling der vi tar for oss Ungdata for vidare planlegging, sa Rye.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.