Kultur | 26. jan. 2012

Unge arrangørar

UKM: Fem ungdommar arrangerer historiens første felles kulturmønstring for Os og Fusa. - Det er gøy, slår dei fast.

Unge arrangørar
Prosjektleiar Henrik Feet Heggland, Artistansvarleg Birk Kvalvaag, Pr-sjef Even Lepsøy og Teknisk sjef Kristoffer Lepsøy med UKM-plakatane (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 26. jan. 2012 14:33

Laurdag 4. februar mønstrar Ungdommens kulturmønstring (UKM) 25 innslag med alt frå bilete og kunst til rock, dans og film. Årets arrangement har heile tre nyhende.

For første gong har Os og Fusa kommuner slått seg saman til felles mønstring. For første gong er arrangementet lagt til Oseana. For første gong er det ungdommar sjølv som utgjer arrangementsstaben.

- Vi såg UKM søkte etter "unge arrangørar" og meldte oss, fortel PR-sjef Even Lepsøy.

Mykje planlegging

Torsdag hadde han planleggingsmøte saman med artistansvarleg Birk Kvalvaag, prosjektleiar Henrik Feet Heggland og teknisk ansvarleg Kristoffer Lepsøy i Allaktivitetshuset på Os. Femtemann i staben, teknisk ansvarleg Andreas Fosse Salbu frå Fusa var oppteken med viktig skulearbeid og kunne ikkje vera med på dei siste førebuingane.

- I dag har det gått i å få programmet på plass, finna ut korleis vi kan få mest mogleg publikum til å koma og få på plass det vi treng av teknisk utstyr.

- I tillegg er vi jo på jakt etter sponsorar, mellomanna nokon som kan sponse oss med frukt til artistane, fortel PR-sjefen.

Heilt aleine er ungdommane ikkje. Til å hjelpe seg har dei fått med dei "gamle" arrangørane frå Os og Fusa.

- Men vi skal berre verre støttespelarar, seier kulturkonsulent i Os, Kjetil Osablod Grønvigh.

Går vidare

Dei fem arrangørane er dei eineste som allereie er klare for fylkesmønstringa i Grieghallen.

- Vi var på eit hotell i Bergen tidlegare kor vi blei kursa i det å vera arrangør.

- Der fekk vi vita at vi også skal vera med å arrangera fylkesmønstringa, så vi er på ein måte deltakarar i den lokale mønstringa vi òg, fortel Lepsøy.

25 innslag, nær tre timer

Det er eit stort arrangement dei fem skal lose vel i hamn laurdag om halvanna veke.

- Per no er det 25 innslag totalt, 16 frå Os og 9 frå Fusa, men vi har fått varsel om at det kjem nokre fleire kunstinnslag frå Fusa.

Berre sceneinnslaga aleine utgjer vel 120 minutt. I tillegg blir det pause og juryering.

- Eg reknar med at arrangementet kjem til å ta mellom to og ein halv og tre timar, smilar Lepsøy.

Dei første artistane går på scena klokka 17.00, men allereie frå klokka 13 er det full aktivitet i Oseana.

- Då skal vi ha lydprøver og slik før publikum kjem.

- Det blir jo eit mykje større arrangement i Oseana enn det som var i Fjellheim. I Oseana er det betre plass og meir profft utstyr enn det som var i Fjellheim så eg reknar med det skal bli ei knallbra mønstring, avsluttar Even Lepsøy.

Innslaga:

1. Simen og Sanne (frå Os) - ballade
2. Pie Jesu (Idun frå Fusa) - klassisk
3. Mari (frå Os) - ballade
4. Silje (frå Fusa) - ballade, songwriter
5. Kristine og Oda (frå Os) - pop
6. Wanted (Aurora og Julie frå Os) - Dans
7. Hanna (frå Fusa) - Klassisk
8. Viljar (frå Os) - Klassisk
9. Hillevi og Jarle (frå Os) - Pop
10. Irmelin (frå Fusa) - Klassisk
11. Jenny og Frida (frå Fusa) - Ballade
12. Elias (frå Os) - Roleg pop
13. Frida og Silje (frå Fusa) - Sognwriter/Ballade
14. SMACH (frå Lysekloster Ungdomslag) - Jazz dans
15. Åshild (frå Os) - Klassisk ballett
16. Strandvik Film (frå Fusa) - Video
17. Strandvik Film (frå Fusa) - Video
18. Jeanette, Andrea og Julie (frå Os) - Pop/rock
19. The Pink Floyd Chickens (frå Os) - Rock/ballade
20. KingBrothers (frå Os) - Jazz
21. Excavator (frå Fusa) - progressiv Trash Metal
22. Pink Disease (frå Os) - Metal
23. Divine Lucidity (frå Os) - Melodisk Metalcore
24. Annika (frå Os) - Utstilling
25. Ingeborg (frå Fusa) - Utstilling

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.