Unge atletar i kø for å kjøla seg ned

Os Turn friidrett har 40 ungar på idrettsleikar før skulestart.

Vasspreiar er plassert ut for at dei unge deltakarane skal få kjøla seg ned mellom øvingane. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 11. aug. 2020 10:11

Bildeserie:

Idrettsleker 2020 held fram i finvêr i dag og onsdag. (Foto: KVB)
Mykje lei, men òg øving. Denne gjengen er klar for lengde. (Foto: KVB)
Silje (10) i lufta. (Foto: KVB)
Dorthea (9) fekk skryt av instruktør Sondre Emil Kvernes Kleppe. (Foto: KVB)
Samtidig kjølte denne gjengen seg ned. (Foto: KVB)
Også gjennom vatnet var det behov for mot og innsatsvilje. (Foto: KVB)
... eller ro og konsentrasjon. (Foto: KVB)
Åge Gulbrandsøy er nøgd med deltakarmengda. (Foto: KVB)
Øving og leik: Åsa, Sander og Emma med humøret på topp. (Foto: KVB)
Emma og Ada viste turntriks i pausen. (Foto: KVB)
Nora (6) er blant dei yngste og smidigaste på friidrettsskulen. (Foto: KVB)
Idrettsleker 2020 held fram i finvêr i dag og onsdag. (Foto: KVB)
Mykje lei, men òg øving. Denne gjengen er klar for lengde. (Foto: KVB)
1 av 11

Måndag starta «Idrettsleker 2020», den første av tre idrettsdagar i regi av Os Turn friidrett.

– Deltakinga er god. Vi har rundt 40 ungar her, noko som er tilsvarande mengde som i fjor, seier Åge Gulbrandsøy.

Rekorden er rundt 70, og friidretsgruppa har ti instruktørar, ungdomar frå eigen stall, i sving med gruppeundervising i fleire friidrettsgreiner.

Årets idrettsleikar har vore veldig heldige med vêret - så heldige at vasspreiar måtte plasserast ut så ungane kunne kjøla seg ned mellom øktene.

Øving og leik

I førre veke var det «inkluderingsdagar», eit samarbeid mellom friidrett, handball og fotball. Desse tre dagane er det friidretten åleine som står for - og tilbodet gjeld for born frå 6 til 12 år, altså heile barneskulen.

– Det blir mykje leik, men vi vil òg ta deltakarane gjennom fleire øvingar, så dei får ein forsmak på friidrett.

– Vi øver på ulike løpedistansar, hekkeløp, hopp og kast. Vi venter med kulestøyt, men har ballar og rakettforma øvingsspyd å kasta med. Dei eldste får kanskje òg prøva spyd siste dagen.

Ada (9) hadde full kontrol over begge hekkane. (Foto: KVB)

Fleire av deltakarane er allereie medlem, andre er venar av utøvarar som no lurer på å byrja å trena fast.

– Tidlegare har vi hatt varme måltid og sushi på menyen. For å gjennomføra betre smittevern er det yoghurt, smothie og fruktbeger til deltakarane i pausen i år.

Sjå bildeserie under (synleg for pålogga abonnentar):

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.