Unge forbilde

Bildeserie: Unggutane på herrelaget til Os tok ansvar då Os Turn arrangerte håndballskule i haustferien. – Det har vore gøy og kjekt, fortel Ludvig Egge Drange.

Peder Lyssand og Ludvig Egge Drange var to av instruktørane på handballskulen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 09. okt. 2014 09:17

Bildeserie:

Dei eldste elevane samla til lunsj (foto: AH)
Handballskule haustferien 2014 (foto: AH)

1 av 9

Måndag til onsdag i haustferien arrangerte Os Turn Handball tradisjonen tru handballskule for ungar i alderen 7 til 13 år. Femti ivrige handballspelarar fekk kyndig leiing frå spelarar i seniorstallen til handballgruppa.

– Spesielt unggutane på herrelaget har imponert.

– Under leiinga av dei vaksne spelarane har dei tatt ansvar, og vist ein omsorg og iver med dei kommande stjernene som er fantastisk, skryt "rektor" Leif Idar Røen.

Til å leie treningane hadde han fått med seg Hilde Kristine Røttingen frå damelaget og Kristian Bruarøy, Daniel Røen, Joakim Blostrupmoen, Håvard Bjørnør, Peder Lyssand, Nils Andris Hamre og Ludvig Egge Drange frå herrelaget.

– Litt stress til å byrja med

Yngstemann Ludvig Egge Drange, er framleis for ung til å spela med herrene, men spelar i staden på G16-laget og trenar med to satsinggrupper i regionen.

– Det var litt stress den første dagen, men det kom seg etterkvart.

– Eg hadde trudd dei aller yngste skulle vera mest utfordrande å trena, men det har gått veldig greitt.

– Det var vel heller dei eldste som har krevde mest av oss i høve det å halda ro og orden, skyt Peder Lyssand inn.

– Kva triks lærar de dei då?

– I dag har dei fått øva seg på hoppskudd kor dei landa på tjukkasen, dei har fått prøvd seg på å finta og ellers fått leika seg med ballen.

– Det handlar jo mykje om å meistra, og det klarer dei.

– Dei er kjempeflinke, smiler dei to handballtalenta før dei set i gang med ei ny øving.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.