Næringsliv | 08. nov. 2019

Unge gründerar vil henta og selja båtvraket ditt

Nicholas, Håvard og Filip vil laga bruktbåtbutikk med eigenkapital frå vrakpant.

Unge gründerar vil henta og selja båtvraket ditt
Tre unge gründerar med berekraftig idé. F.v.: Nicholas Pedersen, Håvard Holmefjord Bjoarvik og Filip Holdhus. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 08. nov. 2019 17:11

Nicholas Pedersen, Håvard Holmefjord Bjoarvik og Filip Holdhus frå 10 E ved Nore Neset ungdomsskule lærer om å starta, driva og legga ned ei bedrift.

Dei har ein idé som kanskje kan leva vidare også etter at skuleprosjektet, som varer fram til påske, er ferdig.

– Vi ønskjer å henta båtvrak heime hos folk for anten å levera dei i Kolskogen eller pussa dei opp for sal.

Gutane har ikkje firmanamnklart, men forslag som Enviro Båt og Os Bruktbåt ligg på bordet.

– Ifølgje pensum skal ungdomsbedrifta vera berekraftig og miljøvenleg. Vår idé handlar både om å få ubrukt plast vekk frå skjergarden, om pant og retur og om eventuelt gjenbruk.

Effektiv ryddehjelp

Ideen kom då Nicholas var med faren til Bir for å kasta boss.

Dei siste to åra har det vore vrakpant på båtar under 15 fot, og blant Bir sine 11 stasjonar er Kolskogen den som tar imot nest flest båtvrak.

– Nokre båtar ser ut som om andre kunne hatt gleda av dei, om nokon hadde tatt seg bryet med å vaska dei eller reparert litt.

– Dessutan er det kanskje ein del som har båtar liggande som dei har plan om å kasta, men dei ikkje tar seg tid til det, eller kanskje dei manglar båthengar.

Gratis ryddehjelp og komande båtforhandlar

Ungdomsbedrifta vil både henta og selja, eller panta, båten din.

– Det må nok litt utstyr til for å pussa opp båt, så i starten vil vi bygga opp bedrifta med eigenkapital frå pant. Men kjem vi over ein båt som absolutt bør på sjøen igjen, så lagrar vi denne til vi får råd til å rusta den opp.

Dei tilbyr å fjerna små båtvrak med panten, eventuelt framtidig verdi på båten, som einaste betaling.

– Vi tar oss av utfylling av skjema og henting av båt. Det er berre til å ta kontakt!

– Dette er ein enkel måte å få rydda opp i hage, garasje, naust eller bryggeanlegg. Ligg båten på sjøen så sleper vi den til ein slipp.

Både Nicholas, Håvard og Filip har hjelpsame fedre og tilgang på fleire hengarar.

– Vi prøver likevel å laga ein nokolunde realistisk forretningsplan. Vi vil leiga fedrene våre inn til transportoppdraget, men dei får ikkje meir betalt enn at vi sit igjen med ein del sjølv. Vi skal jo driva butikk, seier dei unge gründerane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.