Lokal | 07. sep. 2011

Unge og eldre blei klokare

VIDEO: Publikum og politikarar lærte av kvarandre under panbeldebatt i Os Eldresenter tysdag kveld.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 07. sep. 2011 09:52

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 5
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Tysdag kveld var det tid for den første av to planlagte paneldebattar før valet. Torsdag kveld skal det handla om idrett og anleggssituasjonen i Os, i går handla det om omsorg og eldrepolitikk.

Os Pensjonistforening var arrangør, Øystein Nordvik styrte ordet, åtte av ti lister var representert og det var nærmare 90 i salen.

Miljøpartiet de Grønne og Raudt var dei einaste som ikkje stilte; dei sju lokalpartia og tverrpolitisk samlingsliste var representert ved Lars Atle Skorpen (Ap), Terje Søviknes (FrP), Marie E. Lunde Bruarøy (H), Jon Sivert Sundøy Rykkel (V), Jo Kåre Herfjord (KrF), Liv Rønning (Sp), Eirik Neverdal (TvS) og Jens Jacob Lund (SV)

Det siste først

Representantane fekk først 4 minutt innleiing. Så blei det opna for spørsmål frå salen. Avslutningsvis blei det eitt minutt per representant til ein siste appell.

SJÅ VIDEO: 1 minutt appell per parti
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Forskjellane

Det var ein del like poeng å spora i innlegga til representantane i går, ikkje minst når det kjem til valfridom, alle presiserte at dei vil prioritera tett dialog med kvar enkelt som treng omsorg og at alle skal få velja kva som passar best for dei.

Politikarane var også samstemt positive til planane for Lien-tomta. Dei som ikkje nemnte dette i innleiinga si blei beden om klart svar frå salen etterpå. Fleire moment som kom frå salen, som støtte til Frivillighetssentralen og aktivitetstilbod på Lurantunet, var også politikarane raske med å seia at dei støtta.

Men mange var nok kome for å høyra om forskjellar. Det er val og ein kan berre legga éi liste i konvolutten.

Skreller vi vekk generelle eldrebølge-poeng som alle hadde med, og ulike formar for kritikk mot motstandarar, var dette, slik vi ser det, det som kom mest tydeleg fram frå kvar representant:

Ap: Vil bruka meir pengar på eldreomsorg og lover fleire nye stillingar kort tid etter valet, om dei får fleiretal. Vil bli best i Noreg på eldreomsorg.

Frp: Vil, som i forkant av det store løftet i eldreomsorga i 2000-2001, bygga opp open omsorg (heimesjukepleie) parallelt med planlegging av utviding og inntil dobling av kapasiteten på Luranetunet. Då står delar av arbeidsstokken klar når det rundt 2016 skal byggast nye plassar. Men først skal skulebruksplanen realiserast.

Høgre: Vil fram til omsorgsplanen er ferdig og nye plassar skal byggast driva ansvarleg, men kreativ eldrepolitikk, for å få mest mogleg ut av kvar krone.

Venstre: Meiner det er for stor belastning på dei tilsette i eldreomsorgen i dag, og vil betra dette. Meiner samstundes det er overdrive å ha som mål å bli «best i landet», med den storleiken Os kommune er på.

KrF: Er nøgd med at verdighetsgarantien, som KrF sentralt var med på å driva fram, blei vedtatt i januar i år. Meiner samstundes det må meir initiativ inn i eldreomsorgen og viste til samarbeidsprosjekt vest og nord for Bergen.

TvS: Var sterkt imot 10 millionar kroner i nedtrekk i eldreomsorga i februar 2010. Vil stoppa kommunen si sparing i aksjar/«spekulering på børs» for å betra økonomien i kommunen og budsjettet til eldreomsorg. Vil også tilbakeføra maten til eige kjøkken.

Sp: Meiner Bjånesutbygginga bør setjast på vent, for dette vil gje auka belastning på administrasjonen, som heller skal bruka tid på planlegging av utviding av eldreomsorga. Meiner Os kommune, som i år 2000, no er på hælane i forhold til kapasitet. Vil ikkje ha konkurranseutsetjing i eldreomsorga.

SV: Vil innføra eigedomsskatt for å auka inntektene til kommunen, og øyremerka det som kan bli rundt 30 millionar årlege kroner, til eldreomsorg. Svakare stilte kan søkja fritak for eigedomsskatt.Vil også ha fleire ergoterapeutar/fysioterapeutar ut i felten.

SV vil også kjøpa Askviknes, når det legg ned om 2-3 månadar, for å bruka anlegget til omsorg. Dette svarte Søviknes at det allereie var dialog om med Helse Bergen, og at Askviknes kan brukast i ein overgangsfase, men at det på sikt vil bli satsa på å samla tenestene rundt Lurane.

– Godt nok i dag?

Mellom slaga, mellom innlegg frå politikarane og spørsmål frå salen, kom ordstyrar Øystein Nordvik med nokre tal (frå ssb.no) og tekniske fakta.

• 525 av innbyggarane i Os er over 80 år
• I 2020 har dette talet auka til 680
• 1368 av innbyggarane i Os er over 70 år
• I 2020 har dette talet auka til 2150

Os sjukeheim har 49 plassar, av desse er 39 på enkelrom. Berre 5 av desse har eige bad, noko som er ei utfordring. Luranetunet har 80 plassar, 48 av desse er for demente. Gamleheimshagen har 22 bueiningar. I sum har kommunen 151 plassar, ifølgje Nordvik.

Os kommune har 1,5 ergoterapeutstilling og 3,3 fysioterapistilling. I tillegg leiger dei tenester frå private.

– Er dette godt nok? lurte Nordvik på.

– Vi meiner skule og eldre er viktigast og synes ikkje «godt nok» er godk nok. Vi skal bli betre enn godt nok, sa Lars Atle Skorpen (Ap).

– I kapasitet så er malen at vi bør ha 25 % dekning i forhold til talet på eldre over 80 år. I Os er vi gode på open omsorg (heimesjukepleie), i tillegg ligg vi på 28,7 % dekning på plassar. Vi ligg der vi bør ligga i forhold til at vi no skal jobba med ny omsorgsplan fram mot omfattande utviding i 2016, sa Søviknes.

Ros og ris frå salen

Frå salen kom det både skryt av dagens pleietilbod - og mat, tips om kva det er størst behov for, og skarp kritikk mot ventelister på omsorgsbustadar.

– Det er ufatteleg kor gode eit menneske kan vera med andre. Eg har sjølv vore på Lurantunet, og fleire andre som er der er eininge, vi får utruleg god pleie i Os. I matvegen er er kresen, men faktisk var maten veldig god òg, sa Johannes Vedholm.

Ein annan mann fortalte om hyggeleg besøk av heimesjukepleiar, ein tredje, med bakgrunn i helsefaget, presiserte at det var innan demens behovet var størst.

– Mange klarer seg sjølv så lenge dei er friske i hovudet. Og når det kjem til dei demente er det utruleg kor lite som skal til for å gjera dagen betre og utruleg kor viktig arbeidet til einingar som Frivillighetssentralen gjer, sa Sørensen.

Fleire i salen viste til Stein Husebø sitt innlegg i Bergens Tidende 2. september, nokre hadde også med seg utklipp av innlegget med tittelen «Mer penger er ikke nok». Her kan du lesa innlegget.

Mot slutten kom den skarpaste kritikken. Først fortalte ei dame om ein som, saman med familien hadde flytta til Os for nokre år sidan, venta lenge både med å søka om omsorgsbustad, og med å få plass då han først søkte.

– Han venta i to år. Då han endeleg fekk plass levde han berre i tre månadar i den nye bustaden, fortalte ho.

– Skam dåke!

Johannes Taule, som var vertskap og ikkje fekk ordet under debatten, måtte bruka takk-for-i-kveld-taletida si på å kjefta.

– Skam dåke for dei ventelistene vi har, sa han med peikefingeren mot panelet.

– Folk gaular om prisar på barnehage og blir høyrt, i mellomtida sit eldre og hjelpelause og ventar på plass.

Då den elles så muntre Taule brått slo om, tilbake med smilet, og ønskte siger til Noreg og alle vel heim, kom latteren.

Kven som vann debatten er vanskeleg å seia, men truleg blei både dei eldre og dei yngre, publikum og politikarar, klokare av kvelden.

Kva synes du? Logg inn og legg til kommentar under:

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.