Lokal | 14. mai 2013

Unge tek initiativ

Ni driftige ungdommar, alle nykonfirmantar frå Søre Øyane, arrangerer fotballcup, gatecup og sandvolleyballcup til inntekt for Redd Barna.

Unge tek initiativ
4 av initiativtakarane: Karoline Sørstrønen, Marius Aasen, Tommy Aasen og Iselin Møller. (Ikkje til stades: Leon Borgen,  Jens Røttingen, Even Lepsøy, Sebastian Heggland og Sondre Lehrmann). (Foto: KMAL)
Kari M. Lyssandtirsdag 14. mai 2013 15:20

I eit år har den lokale Redd Barna gruppa hatt jevnlege møter der dei har diskutert måtar dei kan hjelpa born som treng det.

- Vi hadde auksjon og loppemarknad i juni i fjor og der fekk vi inn 5700 kroner på 2 timar, fortel Tommy Aasen som må seiast å vera drivkrafta bak gruppa.

Redd Barna-kontor på loftet

Tommy har i fleire år engasjert seg for Redd Barna og i fjor meldte han seg inn som frivillig.

- Loftet vårt ser ut som eit Redd Barna-kontor, skyt Tommy sin far, Asbjørn Aasen, inn.

Då Tommy hadde arbeidsveke på skulen i mars gjorde Redd Barna eit unntak for den engasjerte guten og han fekk lov å vera hos dei.

- Det var veldig lærerikt, eg fekk blant anna vera med dei og hjelpa born som bur i asylmottak, seier Tommy.

- At Redd Barna også hjelper born lokalt var noko eg ikkje var klar over og som eg syntes var veldig bra, seier Asbjørn.

Håpar på mange påmeldte

15. juni er datoen for ungdomane sitt neste arrangement. Og dei satsar stort.

Fotballcup for lag mellom 6 og 10 år, gatecup med 5ar fotball for damer og herrer mellom 12 og 99 år, og sandvolleyballcup for dei over 14 år. I tillegg blir det mat og underhaldning, konkurransar og hoppeslott.

- Vi ønsker at det skal vera ein gøy dag der alle kan vera med om ein kan fotball eller ikkje, og vi vil premiere blant anna det mest kreative laget på gatecupen, fortel ungdomane.

- Eg er utruleg stolt over denne gjengen og no håper vi at manger melder seg på innan fristen 26. mai, seier Asbjørn som, saman med nokre fleire vaksne, har sagt seg villig til å hjelpa dei med planlegginga.

Eit sosialt event

Ungdomane har vore i fleire møter med Redd Barna i Bergen som er veldig glad for inititiativet deira. Redd Barna stiller også med frivillige under arrangementet.

- Vi vil at denne dagen skal vera eit sosialt event for alle i Os, at vi skal ha det kjekt saman og kose oss, seier Tommy.

- Og så håpar vi jo vi får samla inn mykje penger til Redd Barna så dei kan hjelpa dei som ikkje har det like godt som oss, avsluttar den engasjerte gjengen.

For meir informasjon om arrangementet og påmelding, gå inn på: http://reddbarna-cup.webs.com/

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.