Næringsliv | 19. juni 2013

Unik eigedom lagt ut for sal

"Munch-holmen" kan bli din: – Slike kvalitetar, på eigen holme, er svært sjeldan vare, seier meklar.

Unik eigedom lagt ut for sal
Hytte, gjestehytte, naust og badehytte - og eigen kai, brygge og sandstrand lagt ut for sal på Tjoholmen. (Foto: Herland Eiendom)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 19. juni 2013 10:44

Hytte, naust, gjestehytte og badehus – over 400 kvadratmeter bygningsmasse på drygt 6 mål store Tjoholmen i Os, er lagt ut for sal.

Pris? 25 millionar kroner.

– Øya ligg idyllisk til med sol frå morgon til seine kvelden, med skjerma sandstrand, stort kai- og bryggeanlegg og flott utsikt over Korsfjorden.

– Eigedomsmassen held svært høg kvalitet og smakfullt innreia, seier meklar Stein Herland i Eiendomsmegler Vest-eigde Herland Eiendom.

Sjeldan sjanse - for dei som har råd

Tjoholmen ligg i Korsfjorden, rett utanfor Nordstrøno og strønebrua.

Den blir også kalla Munch-holmen, etter Munch-familien, som første etablerte seg med fritidseigedom på holmen.

– For dei som har råd til å kjøpa fritidseigedom i denne prisklassen er dette ein heilt unik sjanse, spesielt når du ser kor vanskeleg det er å få etablera ein ny eigedom i skjergarden i 2013.

– Dette er ikkje ein type eigedom du kan kjøpa eller bygga når det passar deg, det er ein sjanse som sjeldan byr seg.

"Basseng" med sjøvatn

Eigedomen er etablert i LNF-område, men med alle godkjenningar. Det er offentleg vatn til holmen.

Seljar har eigd eigedomen sidan slutten av 90-talet, og fått utført omfattande oppgradering av byggmassen frå 2000 til 2007.

– Hovudhytta er bygd saman med naustet. I tillegg er det ei romsleg gjestehytte og eit badehus, kai, stor flytebrygge og elektrisk båtopptrekk.

Det kan dekkast til 80 til 100 gjestar i naustet. Gjestehytta har stort kjøkken, eige bad og to soverom, hovudhytta har fem soverom.

Uteplassen er også opparbeidd med gode kvalitetar, og med sandstrand, molo og bru med sluse.

Her kan du sperra sjøvatnet inne ved sandstranda på flo sjø og lata det stå og varma seg opp, så dei yngste får ein varm og fin plass å bada.

Riksdekkande respons?

Meklar er førebudd på å måtta gå utanfor bergensområdet for å finna kjøpar til eigedomen.

– Dette er eit av få tilfelle der vi får noko nær Bergen som kan samanliknast med perlene Dagens Næringsliv og Finansavisen av og til lager reportasje om.

– Eigedomen blir naturlegvis annonsert også i dei større avisene på Austlandet. Kanskje det er ein utflytta bergensar som no finn ein fin plass å koma heim til?

Herland har selt eigedomar i over 30 år, og kan notera seg ein rekord om Tjoholmen går til prisantydning eller høgare.

– Eg aldri sett slike kvalitetar i ei hytte ved sjøen før. Eg har selt hytter til over 20 millionar kroner før, men ikkje til 25, seier Stein Herland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.