26. mai 2023

UP med kontroll på Ulvensletta

Politiet fekk også melding om ein mann og ei kvinne som sprang rundt i hagane til folk.

Politiet hadde fartskontroll på Ulvensletta i går. Éin bilist fekk forelegg. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 26. mai 2023 07:11

Torsdag rundt klokka 12.45 fekk politiet melding om to personar, ein mann og ei kvinne, som løpte rundt i forskjellige hagar i Prestegardsskogen og Banktjørnhaugen.

Dei hadde også med seg eit løpehjul.

– Folk reagerte på åtferda og vi sendte ein bil ut. Patruljen søkte i området, men fann ingen personar som liknar skildringa, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland.

I 13.30-tida hadde UP fartskontroll på Ulvenvegen i 80-sona på Ulvensletta.

Det blei skrive ut eitt forelegg. Vedkomande blei målt til 93 km/t, noko som fører til 4.800 kroner i forelegg, men ingen prikkar på førarkortet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.