Kultur | 05. sep. 2011

Urpremiere om 22. juli

Fredag startar Harmonien haustsesongen med urframføring av Glenn Erik Haugland sin «Brytestad» i Oseana.

Urpremiere om 22. juli
Andris Hamremandag 05. sep. 2011 12:42

Det som opprinneleg skulle vera eit underhaldande stykke orkestermusikk om Osbygda, blei istaden ei musikalsk dagbok om hendingane 22. juli.

- Det ville ha vore urederleg og umusikalsk å ikkje ta innover seg hendingane 22. juli i orkesterverket som jo nettopp handlar om det å vera forskjellige og ueinige, fortel komponist Glenn Erik Haugland.

Startar haustsesongen

Verket har fått namnet «Brytestad» og urframførast av Bergen Filharmoniske Orkester førstkommande fredag då dei opnar haustsesongen sin i Oseana.

- Midt oppe i arbeidet med Brytestad skjedde det tragiske ingen som lever i Noreg i dag er upåverka av.

- Terroren slo til. Eit anslag mot vårt demokrati, ja faktisk mot det dette verket ville hylle – den politiske diskusjonen, ueinigheita og det at vi faktisk er ulike, fortel Haugland.

- Eg hadde ikkje vore ærleg mot meg sjølv om desse hendingane ikkje hadde påverka måten eg skreiv på.

- Det var som om lufta gjekk ut av skissene eg hadde byrja på og eg satt att med eit overfylt lass av spørsmål.

Skulle vore ei skildring av Os

I staden for ei lettbeint skildring av folkelivet i Os blei verket eit barometer på livet før og etter 22. juli.

- Eg har vald å tilegna Brytetid vårt demokrati, in memoriam 22. juli 2011, fortel Haugland.

Opprinneleg var inspirasjonskjelda brytningen mellom to mentalitetar – den effektive, væravhengige og “gjennomtrekksprega” kystkulturen og fjordkulturens sindigheit og bevaringsvilje.

- På same måte som som tøft vær slår mot land på staden der Oseana er bygd, brytes desse to kontrasterande haldningane i Osbygda, meiner Haugland.

- Det er ikkje for ingenting at osingane i mange år har vore over gjennomsnittet engasjert i politiske diskusjonar som speiler denne kontrasten, seier Haugland.

Eitt av tre verk

Brytetid er den andre urframføringa og verdspremiera Haugland opplever i Oseana. Til opning av kunst og kultursenteret var han, saman med kona Heidi Tronsmo, drivkrafta bak suksessen «Havfest».

Harmonien blir leiia av sin faste sjefsdirigent Andrew Litton. I tillegg til Brytetid kjem dei til å framføra Miklós Rózsa sin Bratsjkonsert og Sergej Rakhmaninov sin Symfoni nr. 3.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.