Motor | ti timar sidan

USA er 250 år: Sånn blir 4. juli-ruta til Os Amcar si cruising

Mens nordmenn i USA for tida er mest opptatte med å ro, skal det delast ut hotdog og køyrast gamle glis i Os.

USA er 250 år: Sånn blir 4. juli-ruta til Os Amcar si cruising
Kvar frigjeringsdag er 31 år gamle Os Amcar Club på cruising. Her ned Mobergsbakken i 2021. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 03. juli 2026 10:48

I morgon feirar USA 250 år som sameinte nasjonar. Den amerikanske sjølvstendeerklæringa blei underteikna 4. juli 1776.

13 britiske koloniar i Nord-Amerika erklærte at dei var uavhengige av Storbritannia, og danna United States of America (Amerikas sameinte statar).

Mange nordmenn er for tida i USA for å sjå fotball-VM. Og for å ro.

I Os blir det bilkøyring på frigjeringsdagen, dagen før Norge møter Brasil i New York, i alle fall av medlemmane i Os Amcar Club.

– Vi startar med å servera gratis hotdog og brus utanfor BilXtra i Jordmorsvingen, seier sekretær Nils Ove Lauvik.

Så blir det cruising gjennom bygda. Normalt er det rundt 30 bilar som deltar, men det er noko vêravhengig, då fleire bilar er utan tak.

Det er meldt sol på morgonen laurdag, og opphaldsvêr fram til klokka 18.

Sånn er ruta (med venta klokkeslett for passering, for dei som vil sjå kortesjen):

Avreise frå Jordmorsvingen kl 17.00
Tøsdalsskiftet kl 17.03
Hjellemarka kl 17.07
Ulvenparken kl 17.13
Irgenskrysset kl 17.17
Hagavik Hjemmebakeri kl 17.20
Lepsøykrysset kl 17.22
Hauglandskrysset kl 17.27
Halhjem fergekai kl 17.29
Lekvenkrysset kl 17.33
Moberg kl 17.36
Os sentrum ca kl 17.40

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?