Lokal | 28. juli 2012

Usikra last, falske skilt og sota ruter

Politiet stoppa fredag fleire som ikkje køyrde heilt i tråd med reglane. - Dei fleste slapp med muntleg åtvaring, fortel politiet.

Usikra last, falske skilt og sota ruter
ill.foto: KVB
Andris Hamrelaurdag 28. juli 2012 10:35

Politiet stoppa fleire bilførarar i løpet av fredagen grunna forskjellege tilhøve som ikkje var i tråd med regelverket.

- Det første var ein førar som ikkje hadde sikra lasta på hengaren sin skikkeleg.

- Han utbetra det på staden og fekk køyre vidare, men vil bli meldt for tilhøvet, fortel politibetjent Caroline Brudvik.

Uekte skilt i fronten

Seinare på fredagen kom patrulja over ein bil som køyrde med eit uekte skilt påmontert i fronten på bilen.

- Det viste seg at det ekte skiltet låg inne i bilen.

- Kvifor han ikkje nytta det i staden for det uekte veit eg ikkje, men han fekk muntleg pålegg om å retta det med ein gong.

Føraren høyrde på politiet og fekk lov til å køyre vidare etter å ha satt på det ekte skiltet.

Fjerna sota ruter

Å sote siderutene er i følgje vegtrafikkloven ikkje lov. Det fekk ein bilførar politet stogga fredag beskjed om.

- Han fjerna sotinga på sideruten foran med ein gong og fekk lov til å køyre vidare.

- Ruten bak skulle han ta då han kom heim, fortel politibetjenten.

Prøveskilt med passasjerer

Skal du kjøpe bil vil du gjerne teste den før handelen. Då kan det vera lurt å kjenne reglane i vegtrafikkloven kor det mellomanna står at du ikkje har lov til å driva ordinær transport av personar og gods.

- Patrulja stoppa tidleg på kvelden ein bil med prøvekjennemerker og ein passasjer. Føraren fekk beskjed om reglane.

- Då patrulja traff same bil seinare på kvelden, men no med to passasjerar fekk føraren melding om at no var testkøyringa over for i dag. Vedkommande fekk pålegg om å køyre heim og heller helde fram med testkøyringa i morgon (laurdag, journ.mrk). Då utan passasjerar, fortel Brudvik.

-

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.