Uslåeleg stemning i Os’ eldste hus

Nærmare 1000 små og store møter nissefar og nissemor i Borgstova denne helga.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 10. des. 2017 09:28

Bildeserie:

Jimmy Øvredal og Merete Hovden på første nisse-skift laurdag. (Foto: KVB)
Borgstova ligg på Os prestegard. (Foto: KVB)
Stine Kobbeltvedt og Kjetil O. Grønvigh frå kultureininga. (Foto: KVB)
Henry har fått ventepinne og gler seg til å møta nissen. (Foto: KVB)
Borgstova tar rundt 30 gjestar til kvart show. (Foto: KVB)
Publikum får 10-12 minutt med nissane før neste pulje. (Foto: KVB)
Jimmy Øvredal og Merete Hovden på første nisse-skift laurdag. (Foto: KVB)
Borgstova ligg på Os prestegard. (Foto: KVB)
1 av 6

Laurdag starta julemarknadsdagane i Os, der møte med nissefar og nissemor i Borgstova dei siste åra har vore fast innslag.

– I fjor hadde vi rundt tusen gjestar, i år har vi dobla opningstida for laurdagen. Borgstova er òg open søndag, seier Kjetil Osablod Grønvigh frå kultureininga i Os kommune.

Borgstova er frå cirka 1350 og skal vera den eldste trebygning på prestegard i Noreg. I 1930 blei bygninga ført tilbake til opprinneleg form. Borgstova var første prestebustaden i Os, og blir no nytta som perfekte kulissar for historieforteljing og julesong.

– Sidan sjølve marknaden hadde utsett opning fekk vi òg ein roleg start, men vi har allereie hatt 220 innom, sa Grønvigh klokka 13.30.

Jimmy Øvredal og Merete Hovden tok første nisse-skift, Henning og Bente kom på neste.

Kort og koseleg ventetid

Trass gode besøkstal, i alt 468 i går, er det kort og god ventetid. Kvar pulje er på litt over 30 små og store, og med gjestar fint fordelt utover dagen blir det lite kø.

Showet varer i 10-12 minutt, og går kontinuerleg gjennom dagen.

Sjølv om mange kjem innom i løpet av dagen, er det roleg stemning og ei fin ventetid på prestegarden. Utanfor Borgstova er det sauar å sjå på, vegg i vegg er det venterom med gløgg, mandariner, peparkaker og twist. Alt er gratis, også showet.

At det òg kom snø laurdag, og vintervêret held fram i dag, set ein ekstra spiss på stemninga på prestegarden ved Os ungdomsskule.

I dag er Borgstova open for nissemøte frå klokka 14 til 18.

• Les òg: Os Sogelag fortel om Os prestegard

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.