Sport | 02. nov. 2013

Uslåelege gamlingar

Motstandaren stilte med blant andre Thomas Sandal og Cato Guntveit i finalen i Smalahove Cup, men blei slått av kretsmeisterane Os Oldboys.

Uslåelege gamlingar
Jubel i Os Oldboys-gjengen etter 4-1-siger i finalen i Smalahove Cup 2013. (Privat bilde. Foto: Jan Rotnes)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 02. nov. 2013 18:12

I oktober tok Os sitt veteranlag i fotball nok ein KM-tittel, sin 13. på 17 år.

Denne helga er Os Oldboys på Voss og deltar i Smalahove Cup, også det ei turnering dei har vunne fleire gongar før.

– I fjor tapte vi finalen 2-3 for Erdal, i år fekk vi revansje over Erdal i innleiande runde, fortel lagleiar Stig Morten Bruarøy.

Os starta med å slå Sotra 3-2, etter å ha blitt opphenta frå 2-0-leiing til 2-2.

Vann 19-3

I andre runde hamna dei under 0-2 for Erdal, men så sette Torbjørn Samuelsson inn 1-2 før Eivind Carlson utlikna på eit draumetreff av eit frispark.

– Pulja måtte avgjerast på målforskjell, men det klarte vi fint, nesten så fint at det gav litt bismak. Vadmyra stilte med eit redusert lag og vi vann 19-3.

Dette var meir enn nok til å bli puljevinnar og få plass i finalen. Der sto ein gjeng spelarar frå Bjarg, som Os har i serien, med kameratar frå høgare nivå.

Gjengen kallar seg Skjoldkam.

Solid finalesiger

Tidlegare Brann-kaptein Cato Guntveit, som no speler for Øystese i toppen av 3. divisjon, stilte saman med Thomas Sandal frå same nivå med Lysekloster, på laget Os møtte i finalen.

Skjoldkam har også Austevoll sin keeper i det Os-gutane kallar "kjøpelaget" dei møtte i finalen.

– Det blei ein jamn førsteomgang og det sto 0-0 til pause. Men så klinte Carlson eit frispark i kryssen og Os var i gang. Tommy Hjelle sette in to og Robert Bjørnevik det fjerde.

Os vann finalen 4-1 og seier dei no vil "ta seg to øl og gå tidleg til sengs" ...

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.