Kultur | 11. mai 2011

Ut av studio

Manheads og Bone Shakers tar eit avbrekk frå plateinnspeling og går på scenen på Bar2Be. Heed the Heretic blir med på første del av konserten.

Ut av studio
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 11. mai 2011 08:08

Manheads, som speler i Os for første gong sidan 2009, går fredag på scenen med Bone Shakers på Bar2Be.

Dobbeltkonserten med Manheads og Bone Shakers startar med rusfri ungdomskonsert tidleg på kvelden, då er også dei lovande ungdomane i Heed the Heretic med.

– Dei var knallbra på UKM. Når det gror så godt i rockemiljøet i Os er det naturleg at vi både lager konsert for dei under 18 år og at vi har ungdom med på scenen, seier Bone Shakers-trommis Andreas Lindborg.

Manheads tilbake i Os

Jon Haaland, Mads Røykenes, Remi Christensen og Alexander Dymbe i Manheads, som i fleire år har hausta lovord for musikken sin, speler fredag sin første konsert i Os sidan Søfteland Rock N LoL 2009.

– Tida har gått med til låtskriving, øving og timar i studio. Samstundes har Jon og Mads vore aktive med Abbabaklengs, fortel Alexander Dymbe.

Nyleg var Manheads likevel med på ei utgjeving - på kassett! Samleplata «Dark Waters», som Yngve Andersen frå Blood Command nyleg gav ut, inkluderer band som Manheads, Mellomgass, Abbabaklengs og Social Suicide.

– No er vi veldig spelesugne, så det var veldig kjekt då Bone Shakers inviterte oss til å spela med dei i heimbygda igjen. Det er så lenge sidan no at det bli nesten som å byrja på nytt, ler Dymbe.

Bone Shakers snart plateaktuell

Bone Shakers samla saman med King Calling 170 til konsert på Bar2Be same kveld som den nye nattklubben Irish Cat hadde opningsfest i desember i fjor.

Då hadde dei nyleg hatt fleire spelejobbar i Bergen, men sidan 30-årsjubileet til Os Rockeklubb i Fjellheim i februar har dei ikkje vore på scenen.

– Vi har vore i studio og jobba med 10-tommarsdebuten vår, fortel Andreas Lindborg.

Saman med Christian Andersen (vokal og bass), Erik Aasen (gitar og vokal) og Espen Iversen (gitar) ser han no fram til både å testa dei fem låtene på EP-en, som kjem ut i juni, og ei heilt ny låt, på publikummet i Os.

– Nå EP-en, som også blir lagt ut til digital nedlasting på iTunes og Spotify, er klar, kjem vi nok til å ha release hos Tor Owe Rennemo på Playcom. Releaskonsert i Bergen sparer vi nok til seinsommaren, når skulane startar igjen, seier Lindborg,

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.