Butikksjef Linda Veivåg har vore med på ombyygging før - no ser ho fram til å kunne opna ny Coop Extra om 10 dagar. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)

Ut med det gule - inn med det raude

I dag er siste dagen for Coop Prix i Os sentrum - 15. mai opnar ein ny Coop Extra.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Butikksjef Linda Veivåg er imponerande roleg trass i at butikken hennar er over snittet tom for dei fleste varer, og det heile ser mest ut som ei messe for handverkarar. Når butikken stengjer klokka 21 i kveld er det mykje som skal både inn og ut før ein ny og større butikk opnar om 11 dagar.

Ikkje første gongen med ombygging

Lokala som no skal bli Coop Extra er nok eit av dei butikklokala i Os som har opplevd flest ombyggingar. Har du levd litt vil du hugsa Java, Ekko, Mekka og Rimi. Veivåg er sjølv, etter 13 år i butikken, heller ikkje ukjend med ombygging;  

– Dette vert vel den femte ombygginga eg er med på, så eg byrjar å bli van med det. Eg har meld ifrå til mannen heima at no får han klara seg sjølv som åleinepappa fram til 15.mai. 

Stor logistikk-oppgåve

Veivåg fortel at når dørene stengjer i kveld kjem det mykje må gjerast for å kunna transformera Prix om til Extra. 

– Det meste vert flunkande nytt, og det inneber at det er mykje vi må ha ut av butikken først. Til dømes skal alle kjølereolar, kjølarar og frysarar ut før vi kan få inn dei nye. 

Veivåg har nyleg oppbemanna staben i butikken frå 10 til 13 tilsette, og samtlege skal jobba under ombygginga. 

– Det vert nok litt kaotisk på utsida av dørene òg, så vi ber om forståing for at kanskje vert litt styr i og rundt kvartalet desse dagane. 

Alt vert nytt - og større

– Korleis vil kundane merka overgangen frå Coop Prix til Coop Extra?

– For det første vert jo butikken 100 kvadratmeter større. Heile butikken vert flytta litt til høgre, så vi kjem til å flytta inngangsdørene til høgre nokre meter òg.

– Sjølve layouten, altså ruta du tek gjennom butikken vert mykje lik slik folk kjenner den, men det viktigaste, og mest synlege er jo at vi får 2.500 ekstra varelinjer i sortimentet vårt. Dette betyr enkelt og greitt betre utval, lågare prisar og betre tilbod. 

Veivåg kan òg fortelja at butikken vil få innstallert sjølvbetjenings-kassar i tillegg til tradisjonelle betalingspunkt. 

– Akkurat dette ser eg på som eit spanande tilskot til butikken. 

Nytt liv for dei tilsette òg

Det er ikkje berre kundane som vil få merka ombygginga - dei tilsette får i tillegg nytt pauserom, garderobe (for første gong kvar sin til dame og herre!) og Veivåg får seg nytt kontor.

– Dette har i alle år lagt i enden mot bussterminalen, men no vert desse fasilitetane ein del av arealet i Tønjum-bygget. Det er faktisk ikkje mykje av det bygget som vert ein del av sjølve butikken, men i tillegg til kontor, spiserom og garderobe vil få eit nytt tørrvare-lager i den enden, seier Veivåg.

– Kva med posten?

– Mange har butikken her som sitt lokale postkontor - kva skjer med dei fram til 15.mai?

– Postkontoret kjem til å halda ope mellom klokka 7.30 og 18.00 på kvardagene gjennom ombygginga, seier Veivåg. 

– Det er sjølvsagt ikkje ideelt, men posten må som kjend både inn, ut og fram. Her må vi berre be om litt tolmod, men det vert ikkje slik at du får utdelt verneutstyr for å gå på posten, seier Veivåg og ler. 

Sjølve postkontoret vil bli flytta nokre meter til høgre for kor det står i dag, men for dei som har postboks i lokala, vert det to forandringar; 

– Vi får flunkande nye postboksar, og desse vil bli plasserte i hjørnet kor melkekjølen tidlegare starta. Det er då viktig å merka seg at du må ikkje gå heile runden gjennom butikken, og via kassepunktet for å koma deg ut att om du berre skal inn og henta posten, seier Veivåg. Du kjem deg ut att same vegen som du kom inn.

Fleire saker