Lokal | 26. mars 2020

Ut med felles informasjon og åtvaring: Bål kan gi bot

Brannsjef og lensmann saman om «vaksenopplæring».

Ut med felles informasjon og åtvaring: Bål kan gi bot
Brannsjef Eivind Hovden og lensmann Oddbjørn Dyrdal står saman kring oppfordringane til Bjørnafjordingane. (Foto: ØH)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandtorsdag 26. mars 2020 13:45

Brannsjef Eivind Hovden ønskjer å driva litt vaksenopplæring kring båltenning og bålbruken blant Bjørnafjordingane. Hovden vil i lag med politiet prøva å nå ut til bjørnafjordingane med informasjon og oppmoding.

– Det absolutt viktigaste vi må få kommunisert er at folk må forstå at vi i desse tider har begrensa med ressursar. Viss vi må bruka tid på at folk tenner ulovlege bål kan det resultera i at vi vert 10-15 minutt forsinka til ein husbrann, eller til ei bilulykke. Det kan få alvorlege konsekvensar, seier brannsjefen.

– Grunnen til at det er ekstra viktig for oss å kommunisera dette no, er at det er ekstra mange innbyggarar som no er heime. Då er det nok fleire som finn ut at dei kan rydda litt i huset eller i boden. Det neste kan fort bli å stella i stand eit bål i hagen, kor ein hiv på ein sofa eller nokre bildekk, og det er ikkje lov.

– Det er heller ikkje lov å brenna materialar i eit hagebål.

Brannsjef Eivind Hovden. (Foto: ØH)
Brannsjef Eivind Hovden. (Foto: ØH)

Meir effektiv bøtelegging

Nytt frå i år er eit skjema som ei prosjektgruppe frå politi og brannvesen har forma saman.

– Dette kan vi fylla ut på staden. Her nemner vi kva materiale som har vore brent og ulike andre faktorar som kan gje sanksjonar. Dette skjemaet kan vi gi til politiet, som då kan koma i etterkant og dela ut eventuelle bøter, fortel brannsjefen.

– Vi har i tillegg utarbeidd ein brosjyre i lag med politiet, kor du finn informasjon og regelverk. Det er rett og slett ein rettleiar for båltenning. Kva du har lov å brenna, korleis du gjer det og korleis du sikrar eit bål.

– Det hjelper ikkje å seia at du ikkje visste

Lensmann Oddbjørn Dyrdal ønskjer å støtta brannsjefen i denne kommunikasjonen.

– Reaksjonar frå politiet kan vera alt frå gebyr og forelegg til bøter, pålegg og mulkt. Det kan òg bli aktuelt med erstatningskrav, dersom noko eller nokon vert skadd. Det er ikkje berre politiet som har sanksjonsmoglegheitar, det har kommunen òg.

– Noregs lovar er mange, dei gjeld for alle, og det er alle sitt ansvar til å setja seg inn i dette lovverket. Det vil ikkje hjelpa å seia til oss at du ikkje var klar over at visse ting ikkje var lov å gjera, uansett kva det måtte gjelda.

– Eit råd, om du er i tvil, er å oppsøka informasjon. Ta gjerne kontakt med kommunen, politiet eller brannvesenet, så får du svar.

Lensmann Oddbjørn Dyrdal. (Foto: ØH)
Lensmann Oddbjørn Dyrdal. (Foto: ØH)

Eit felles ønskje

– Vi har et felles ønske om å fortelja publikum om retningslinjer kring bålbrenning, forurensing og bålforbud. Dette handlar i all hovudsak om forebygging for å unngå uønskte hendingar i tida som kjem, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal.

– Det er kvart år mange reaksjonar på røykdannelse og sjølvsagt på store på bål. Vi ønskjer å førebyggja brannspreiing, som til dømes bråtebrann, lyngbrann og skogbrann. Dette kan gi oss i nødetatane store utfordringar, og det er unødig bruk av ressursane.

Lovverk og brosjyre

Bålbrenning er regulert av tre lovar, brannloven, forureiningsloven og folkehelseloven (avfallshandtering). Det er for eksempel ikkje lov å brenna byggematerialar. Næringsaktørar har heller ikkje lov å brenna hageavfall.

Den nye informasjonsbrosjyren kan du lesa her.

Frå 15. april til 15. september er det generelt bålforbod i kommunen, då er det slutt på brenning av hageavfall og berre greit med bål til grill og kos på eigne bålplassar.

I spesielt tørre periodar kan brannvesenet legga ned totalforbod mot bruk av open eld.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.