Lokal | 01. okt. 2012

Ut på tur, aldri sur

Over 20 000 tjukkasar i heile Europa samlast i 260 turgrupper. Måndag hadde Os-chapteret sin første tur rundt Borgabygda.

Ut på tur, aldri sur
May Iren Eide, Mette Pettersen og Tove Nymark Nilsen er nøgd etter å ha gjennomført Tjukkasgjengen sin første tur på Os (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 01. okt. 2012 13:38

Tjukkasgjengen starta med ein venegjeng i Moss som likte å vera sosiale, men som etter eige utsagn var i rævva form. Målet blei å gå frå å vera tjukkas til å bli kjekkas. No har organisasjonen, som har breidd seg som ein farsot over hele landet og i fleire europeiske land, gått sin første tur i Os.

- Eg såg at det var oppretta ei gruppe på Os òg, men det var ikkje noko aktivitet i den.

- Det ville eg gjera noko med, fortel initiativtakar Mette Pettersen som har vore litt med i Tjukkasgjengen i Bergen, men som fann ut at det blei for mykje styr å reisa til byen for å gå på tur.

Gruppa ho no freister å få liv i er Tjukkasgjengen Chapter Os som ho fann på facebook.

Sosialt, med lav dørstokk

Ho laga gruppas første event, ein rusletur frå biblioteket, rundt Borgabygdo og attende til Holtbrekka. Med seg på turen fekk ho Tove Nymark Nilsen og May Iren Eide.

- Heile poenget er å koma seg ut og gå.

- Jo dårlegare form du er i, jo meir treng du det. I tjukkasgjengen kan du vera trygg på at det er rom for alle og du treng ikkje vera redd for å måtte gå aleine.

- Dette skal vera ein medlemsdriven aktivitet, med svært låg terskel.

- Veit du forresten kva definisjonen på ein tjukkas er? spør Pettersen med eit smil.

- Det er ein blid og sosial person som liker å ha det kjekt saman med andre, slår ho fast.

Startar i det små

Og nettopp det er dei tre eit prov på då vi møter dei etter endt tur ved biblioteket. Sjølv om pusten går tungt, sit smilet og latteren laust på dei tre.

- Vi startar i det små, med ein fast tur kvar måndag med start på biblioteket.

- Håpet er at fleire melder seg inn i gruppa på facebook og at vi etterkvart kan få til to turar, ein formiddagstur og ein ettermiddagstur, i veka.

- Gruppa er òg tenkt å fungera slik at du kan legga inn ein post eller event kor du fortel at du har tenkt deg ein tur og at andre kan slenga seg med, forklarar Pettersen.

Utfordrar ordførar og kommunestyret

Pettersen fortel at mange av dei andre chaptera rundt i landet legg like mykje vekt på det sosiale.

- Til dømes er det fleire av chaptera som går ut og spis middag eller går på kino i lag.

- Det sosiale er nesten like viktig som å koma i form. Som innflyttar ser eg det som ein god måte å byggje eit nettverk på.

- Ein del plassar har òg ordføraren vore med på tur, og det er kanskje på plass å utfordra Søviknes og kommunestyret, smilar Pettersen før ho legg til at Stortinget har sitt eige chapter med tjukkasar.

Neste tur dei har planlagt er mandag 8. oktober klokka 19 frå biblioteket.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.