Politi | 23. sep. 2022

Utagerte mot politiet etter blodprøve

Tre trafikkulykker - to førarkortbeslag - éin i arrest.

Han køyrde ned fleire lyktestolpar før turen enda her. Førar blei mistenkt for ruskøyring, og hamna til slutt i arresten. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 23. sep. 2022 09:26

Det var tre trafikkulykker på E39 i Os i går.

Førar av bilen som i 15.30-tida køyrde ned nokre lyktestolpar på E39 ved Svegatjørn, blei mistenkt for køyring i rusa tilstand.

Nødetatane er på staden. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Les ògTrafikkulykke ved Svegatjørn

Vedkomande, ein mann i 30-åra, skal ha utagert etter blodprøvetaking på legevakt.

– Han blei påsett handjern og køyrd i arresten, og er meldt for køyring i rusa tilstand og for forulemping av offentleg tenesteperson, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Takkar Er-An Veikro for omsorg

Tidlegare på dagen var tre bilar involvert i eit trafikkuhell på E39 på Røykenes.

– Ein varebil skal ha køyrd i ein personbil. Begge hadde retning Bergen, og personbilen sto i ro og blinka seg inn på bensinstasjonen. I alt var det tre involverte køyretøy.

(Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Les ògKollisjon ved Er-An

To av bilane måtte tauast vekk. Tre personar blei køyrd til Haukeland for sjekk grunna smerter i nakke.

– Alle førarar var edru. Det blei tatt beslag i førarkortet til ein mann i 50-åra, som køyrde varebilen. Han samtykka ikkje i beslag.

Politiet rettar ei stor takk til Er-An Veikro, som tok fleire involverte inn i restauranten, serverte kaffi og viste omsorg.

Kollisjon mellom bil og ung MC-førar

Samtidig med ulykka ved Svegatjørn, i 15.30-tida, var det eit uhell ved Søfteland barneskule.

– Ein motorsykkel skal ha sklidd inn i ein personbil. Førar av mc er tenåring, førar av bil er i 50-åra. Ingen var skadd.

– Det blei skrive skademelding. Episoden blir ikkje ei politisak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.