Lokal | 28. sep. 2012

Utan lappen for 9. gong

"Tiltalte viser en totalt mangel for respekt for vegtrafikkloven", meiner retten, og dømte 43-åringen til fengsel.

Utan lappen for 9. gong
Ulvensletta. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 28. sep. 2012 08:21

Laurdag 5. mai hadde politiet fleire trafikkontrollar i Os, men det var mellom postane dei møtte den største syndaren.

På Ulvenvegen, i ei rekkje med bilar i motgåande kjøreretning, såg ein av politibetjentane ein person bak rattet som vedkomamde betjent visste ikkje hadde førarkort.

Patruljen snudde, men fann ikkje bilen igjen. Mistenkte blei kontakta per telefon og han nekta for å ha kjørt bil.

Tiltalte møtte ikkje i retten då saka mot han var oppe i Nordhordland tingrett torsdag.

Politibetjenten var einaste vitne og retten festa lit til hans forklaring. Tiltalte har mista førarkortet fleire gongar og det er nokre år sidan sist han hadde lov til å kjøra bil.

Han har også blitt tatt for å kjøra utan førarkort heile åtte gongar tidlegare, fire gongar der det førte til dom, tre det forelegg blei vedtatt.

"Tiltalte viser en totalt mangel for respekt for vegtrafikklovens bestemmelser om forbud mot kjøring uten førerkort. Det finnes ingen formildende omstendigheter" står det i dommen, som samrøystes finn tiltalte skuldig.

Mannen blei dømt til fengsel i 24 dagar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.