Lokal | 25. feb. 2018

– Utan nynorsk stansar bokmålet

Professor Sylfest Lomheim trur vi får eitt skriftspråk i Noreg - og at dette blir prega av nynorsk.

– Utan nynorsk stansar bokmålet
Språkprofessor Sylfest Lomheim held norsktimen på Nore Neset Ungdomsskule (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 25. feb. 2018 08:48

Elevane på Nore Neset ungdomsskule fekk ein norsktime litt utanom det vanlege då språkprofessor Sylfest Lomheim var gjestelærar.

Han var tydeleg på at mytane om at nynorsken er i ferd med å forsvinna berre er tull.

– Det er fake news. At det er færre som skriv nynorsk i dag enn tidlegare er berre tull. Det er like mange som før, men vi har blitt fleire i Noreg, difor har prosenten gått ned, presiserte Lomheim.

– De er smarte

Lomheim meiner at elevane på Nore Neset og på skulane i Os er blant dei smartaste.

– De er smarte fordi de skriv nynorsk. Det stimulerer hjernen og kreativiteten å skriva både nynorsk og bokmål. Om de systematisk bruker begge delar av hjernen, som de gjer når de skriv nynorsk, så er det smart for framtida.

– De må ikkje tru på det dei vaksne seier om nynorsk. Ikkje fordi dei lyg, men fordi dei ikkje veit betre grunna fordomane dei har. Foreldre som nektar ungane å bruka nynorsken burde ikkje få ha ansvar for born, meinte Lomheim.

Bokmål er sært

Ein av fordommane språkprofessoren gjekk til angrep på var at nynorsk er sært.

– Faktum er at det er bokmål som er sært, ikkje nynorsk. Nynorsk er veldig naturleg og i slekt med det største språket i Norden, som blir snakka og skrive av ti millionar. Nemleg svensk. Dansk er ingenting, og det er der bokmål kjem frå.

– Bokmål ligg som ein kile på Austlandet, mellom Sverige og Vestlandet, forklarte Lomheim, før han drog fleire døme på likskapen mellom svensk og nynorsk.

– Sjølv Skavlan snakkar nynorsk når han lager sendingane sine. Mange trur han snakkar svensk, men det er faktisk nynorsk, poengterte Lomheim før han heldt fram med eksempel på parallellar mellom nynorsk og engelsk.

– Ta til dømes det å synga. I engelsk heiter det they sing, på nynorsk dei syng. Det er fullt av andre døme òg. Det er systematisk at nynorsk er likare engelsk enn det bokmål er.

– Ein annan ting er intonasjonen. Vestlendingane har ein internasjonal intonasjon med at vi går ned i endingane. Austlendingane gjer motsatt, dei går opp. Det gjer at når dei snakkar engelsk så høyres det ut som om alle setningar er eit spørsmål. Det er ikkje rart utlendingane blir forvirra.

Nynorsk tek over bokmål

Lomheim trur ikkje på fordomen om at nynorsk er på veg ut.

– Det er det ingen fare for. Sanninga er at bokmål blir meir og meir likt nynorsk. Ta berre storting og regjering, kor det heiter vedtak, merknad, stønad, søknad og løyve.

– Det nynorske vokabularet har overrisla bokmålet dei siste seksti-sytti åra. Uten nynorsk stansar bokmålet.

– I 1918 var det stor skilnad på landsmål og riksmål. I dag er avstanden mykje mindre, og eg trur at om nye femti-seksti år så vil de oppleva samnorsk, kor avstanden er endå mindre.

– Eg ser for meg to scenarie om 150 år; då kan anten engelsk ha overtatt som offentleg skriftspråk, eller så har bokmålet forsvunne, nynorsken forsvunne - og vi sit igjen med samnorsk som er mest prega av nynorsk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.