Utanlandske fans gler seg over Aurora på norsk

Syng tittelsporet til årets julekalender på NRK.

Aurora syng tittelsporet i NRK sin nye julekalender. (Foto: NRK)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 05. des. 2020 21:25

Årets julekalender for born er godt i gang på NRK.

For å styrka den magiske stemninga har NRK fått Aurora til å laga og synga tittelsporet.

– Eg synest det er ein interessant låt. Den er sår og sterk, bestemt, men samtidig litt rådvill. Den handlar om å takla endringar i livet, seier Aurora i videointervju med NRK.

«Stjernestøv» er allereie strøymd 746.000 gongar på Spotify. I fjor på denne tida gjekk ho inn på Billboard med «Into the Unknown» frå filmen Frost 2/Frozen 2, som ho òg framførte under årets Oscar-utdeling.

«Into the Unknown» er strøymd heile 178,5 millionar gongar. Men også Stjernestøv gir merksemd blant fans i utlandet.

Omsett til engelsk og tysk

Youtube-kanalen AuroraCharts har publisert låten. «I've never waited for a song to release- until now. This song truly moves my Norwegian heart like no other song have the last decade» er ein av kommentarane.

Andre fans har allereie omsett teksten til engelsk og tysk, og det er kommentarar på spansk.

YouTube-kanalen «SpillingTeaWithJaybee» filmar sin eigen reaksjon mens han høyrer låten for første gong - rørt til tåret utan å forstå teksten.

Bestilt til to festivalar i 2021

Aurora har skapt julemagi før. I 2015 song ho Oasis-låten «Halv the World Away» i kjøpesenterkjeda John Lewis sin juleannonse (sjå video på YouTube).

Ho har dessutan laga julelåten «Vinterens Gåte» til Herborg Kråkevik sitt prosjekt «Juleroser».

2020 har vore eit år med lite reise og livemusikk i verda.

Aurora ser ut til å ha betre håp for 2021, og har allereie fått to festivalar inn på LIVE-lista på heimesida si for neste år, begge i Tyskland i juni.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.