Korona | 10. mai 2021

Utbrotet har spreidd seg til Kuventræ

24 elevar og 5 tilsette i karantene.

Utbrotet har spreidd seg til Kuventræ
Ein elev ved Kuventræ barneskule har i dag fått påvist covid-19. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 10. mai 2021 11:56

Ein elev på 2. trinn ved Kuventræ barneskule har fått påvist covid-19, opplyser Bjørnafjorden kommune.

Smittevegen er kjent, og har samband med det store utbrotet ved Os ungdomsskule.

24 elevar og 5 tilsette må i karantene i 10 dagar. Alle må testa seg snarast.

Søsken må også heim frå skulen

Husstandsmedlemmer og andre tilsvarande nære må vera i ventekarantene til nærkontaktane har testa negativt.

– Dette betyr at foreldre, søsken og andre nære skal reisa heim frå jobb, skule og barnehage snarast, og halda seg i ventekarantene fram til testresultatet er klart, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

Unntak for vaksinerte

– Unntaket er dersom nærkontakt eller husstandsmedlemmer er fullvaksinerte mot covid-19 eller allereie har gjennomgått covid-19-sjukdom dei siste 6 månadane. Då treng dei ikkje gå i karantene/ventekarantene.

Dersom nærkontakt har fått éin dose med vaksine for minst tre veker sidan, treng dei heller ikkje gå i karantene/ventekarantene, men dei må likevel testa seg mellom dag 3 og 7 i denne perioden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.