Utdanningsmessa er i gang

Onsdag og torsdag er Nore Neset Aktivitetshus fylt med utstillarar og elevar - på jakt etter rett veg å gå etter grunnskule og vidaregåande.

Ørjan Håland
09. november 2016 - 15:00

Os Lions er i gang med Bjørnefjorden Utdanningsmesse.

Utstillarane rigga klart tysdag, onsdag klokka 9.30 var Os ungdomsskule, som første gjestar, på veg inn dørene.

Messa har halde frammed gjestar frå blant anna Austevoll, Tysnes og Krokeide, torsdag skal blant anna elevar frå Nore Neset, Os Gymnas og Os vgs besøka messa.

Utdanningsmessa er open for publikum òg frå 17 til 19 i ettermiddag, klokka 19 skal DNB halda foredrag om ungdom og økonomi.

Les meir om messa på bjørnefjorden-utdanningsmesse.no.

Les meir om

Lokal Kultur