Sport | 06. apr. 2011

Ute av NM

Kveldens kvalik-kamp mellom Bjarg og Os gjekk til ekstraomgangar.

Ute av NM
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 06. apr. 2011 18:58

Onsdag kveld spelte Os første kvalifiseringsrunde i NM, på bortebane mot Bjarg. Bjarg hamna i fjor på 5. plass i 3. divisjonsavdelinga Austevoll rykte opp frå, og har nettopp tidlegare Austevoll-trenar Øyvind Pedersen til å leia seg.

Bjarg - Os: 4-1 (0-0 etter ordinær tid)
Os sitt mål: Stian Lunde

Bjarg har ifølgje BA.no, som spådde dagens «cupbombe», vunne alle treningskampane sine i vinter utanom éin. Dei slo også Os 3-1 på Kuventræ.

- Det var fortent at dei vann i dag. Dei hadde fleire stolpeskot, vi var heldige som klarte 0-0 etter ordinær tid, meiner assistenttrenar for Os Asbjørn Bergstø.

- Bjarg ville mest, dei var først på ballen og jobba best. Vi kom oss i andre omgang og rulla opp fleire fine angrep, men det blei ikkje skåring av det før ordinær tid var over, seier Bergstø, og legg til at keeper Kjetil Hansen var dagens beste Os-spelar.

Bjarg skåra midt i første ekstraomgang. Os jaga etter skåring, men fekk to imot. Stian Lunde reduserte for Os etter ein corner, men heimelaget putta nok ein gong før siste ekstraomgang var over.

Os sit lag frå start: Kjetil Hansen, Mats Lepsøe, Tore Valvik, Per Søgnen Merai, Christian Almeland, Preben Borgen, Stian Lunde, Johannes Jordal, Erik Kanestrøm, Ramo Racic og Torkel Hjertnes.

Innbytarar med speletid: Simen Lassen, Frode Buvik og Martin Eidsvik.

Laurdag startar serien for Os med bortekamp mot Stord. Første heimekamp er laurdag 16. april heime mot Sotra.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.