Lokal | 24. jan. 2012

Utfører 14 tiltak

Os Gymnas tar grep for å sikra betre inneklima i oppussingsperioden.

Utfører 14 tiltak
Os Gymnas får nytt ventilasjonsanlegg. I byggeperioden har dei utfordringar med luftkvaliteten. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 24. jan. 2012 08:52

Onsdag fortalte foreldre og elevar Midtsiden om dårleg inneklima ved Os Gymnas, som er under oppussing.

Torsdag var HMT-seksjonen i Hordaland fylkeskommune og observerte og tok målingar.

– Fredag fekk vi rapporten, som fortel at ingen av målingane inneber fare for liv og helse, men at det i enkelte rom var høgt CO2-nivå, som kan føra til at ein føler seg trøytt og uopplagt, seier rektor Trond Eikeland, og siterer nesten ordrett frå rapporten.

– Vi fekk ei liste med tilråding. Fleire av tiltaka var vi allereie i gang med, andre held vi no på med. Det er stort sett snakk om å gjera enkle grep, seier Eikeland.

Dette blei målt

HMT-seksjonen har undersøkt CO2-nivå, temperatur og relativt fuktnivå.

Høgt nivå karbondioksyd gjer at lufta kan følast tung og ufrisk, men fører sjeldan til helseplager.

Problemet med "tørr luft" er ofte heller det at temperaturen er for høg, og då kan folk oppleva irritasjon av hud eller slimhinner.

For mykje CO2

Fukt i luft bør ligga på mellom 20 og 40 prosent, men dette blir påverka av kor mykje fukt det er i lufta utandørs.

Ved gymnaset var det 37 til 48 prosent fukt i lufta.

"Operativ" temperatur er frå 19 til 26 gradar, men bør i fyringssesongen vera under 22 gradar.

Målingane på gymnaset viste frå 18,5 til 22,5 gradar.

Det som bli rekna som maksnivå for CO2 er 1000 ppm. I førsteetasje på gymnaset varierte nivået frå 696 til 900 ppm.

I andreetasje, der dei fleste klasseromma er, var det berre eitt rom som hadde under 1000 ppm (norsk 1, med 890 ppm).

Høgaste nivå blei målt til 1290 ppm (matematikk 1).

14 tips frå HMT

Med i skrivet frå HMT-seksjonen sin ekspert på inneklima følgjer ei tilråding med 14 punkt som skulen kan følgja for å betra inneklima fram til nytt anlegg er installert og i drift.

Å velja nytt verneombod etter at førre verneombod pensjonerte seg til nyttår, er skulen i gang med, informasjon om rapporten har blitt gjeve til elevar og foreldre og nye golvmatter er på plass for å fanga opp støv.

Nye lufterutinar er på plass, med lufting både mellom timane og fem minutt midt i kvar skuletime.

– Elevar bør også ut i friminutta, og dei bør ikkje bruka yttertøy som jakke eller lue i timane, seier rektor.

Blant andre tilrådingar er betre plastdekke mellom arbeidsområde og skuleareal, ekstra reinhald og å kutta ut vifteomnar, då desse virvlar opp støv.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.