Lokal | 06. feb. 2012

Utforkjøringer og kø

Bilar og bussar har trøbbel på Fanafjellet og på Byvegen.

Utforkjøringer og kø
På veg opp Fanafjellet frå på bysida mista denne bussen feste. (Mobilfoto/lesarbilde: Baard Brattebø)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 06. feb. 2012 08:52

Snø, sludd og nullføre har skapt vanskelege forhold i trafikken måndag morgon.

– Då vi kjørte opp Fanafjellet sto det ein jeep i fjellveggen på Nordviken-sida av fjellet. På bysida kjørte ein buss seg fast, og bak sto ein buss som ikkje kom seg forbi, fortel Baard Brattebø.

– Heldigvis var det lite trafikk på veg opp Fanafjellet, så vi kom oss fint forbi bussen og vidare til jobb.

Den andre vegen har det gått verre for mange. Det står, eller har stått, lastebilar bom fast på Valleheiane og på Kalandseid nær avkjørsel til Samdal.

– Eg har brukt to timar frå Os til tunnellane på Nesttun. Også her står trafikken meir eller mindre i ro, fortel ein annan Midtsiden-lesar.

I Rolvsvågen har det også vore utforkjøring med buss. Det var fire passasjerar i bilen, éin av dei blei lettare skadd etter å ha ramla på golvet i samanstøyten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.