Glatte forhold for både bilar og fotgjengarar i Os i morgontimane. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh) 

Utforkøyring i Idrettsvegen

Åtvarar mot svært glatte vegar og fortau i morgontimane.

Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Etter ein fuktig søndagskveld er det fleire som har hamna utpå. Underkjølt regn har frose, no åtvarar Os kommune mot svært glatte forhold både for bilar og fotgjengarar, og ber folk ta det is-y.

Litt før klokka 8 måndag morgon hamna ein bil utfor ein mur i Idrettsvegen.

– Ulykka skjedde i nærleiken av krysset mellom Idrettsvegen og Nedre Varåsen. Bilen køyrde over ein mur og ramla ein halv meter ned, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Politi og ambulanse rykte ut til staden, førar har smerter i ryggen etter uhellet.

Kan koma brått på

Midtsiden har sjølv vore ute med bil og kan melda om varierande køyreforhold. Ved Valle bru langs Hegglandsdalsvegen kjem glatta brått på.

Fotgjengarar bør vera ekstra obs; i Os sentrum er det klink is fleire stadar, men Os kommune melder at alt av mannskap er ute og jobbar for å betra tilhøva. 

Bergens Tidende melder om ein strøbil som fekk trøbbel på veg til Strøno i morgontimane.

Strøbilen skal ha sklidd av vegen, men det heile skal ikkje ha skapt større problem i området.

Påkøyrd hjort

Søndag i 19-tida blei ein hjort påkøyrd ved ruinane langs Lyseklostervegen.

– Hjorten stakk til skogs, viltkontakt blei varsla. Det var små eller ingen skade på bil.

Fleire saker