Politi | 02. feb. 2022

Utforkøyring og avskilting

Ein trailer køyrde seg i går fast på Lyseklostervegen.

Utforkøyring og avskilting
Traileren køyrde seg fast i nærleiken av kloster-ruinane og kapellet. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 02. feb. 2022 08:00

Tysdag morgon var det mykje snø og vanskelege køyreforhold.

På morgonen var det to frontkollisjonar på Nore Neset, klokka 19.11 fekk politiet melding om ein trailer som hadde køyrd seg fast.

– Personbilar kom forbi, men ikkje buss. Bilberging blei bestilt, og det er ikkje oppretta sak, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

Tidlegare på kvelden, i 18-tida, var politiet i Øyane. Der avskilta dei ein parkert bil som frå før er ilagt bruksforbod.

Det blei lagt lapp på ruta med informasjon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.