Politi | 14. mai 2022

Utforkøyring på Halhjemsvegen

Hamna i grøfta i morgontimane.

Utforkøyring på Halhjemsvegen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 14. mai 2022 08:52

I05.50-tida kom politiet over ein bil som hadde køyrd i ein fjellvegg på E39 Halhjemsvegen, nær Lepsøykrysset.

– Førar er uskadd, men det var materielle skader på bilen, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politikontor.

Det er ikkje mistanke om promille, og det er heller ikkje tatt beslag i førarkotet, men bilførar er meldt for uaktsam køyring.

11 forelegg på Søfteland

Utrykningspolitiet hadde fartskontroll på E39 i 40-sona på Søfteland fredag.

Frå klokka 14.34 til 16.10 blei det skrive ut 11 forenkla forelegg.

Høgaste målte fart var 53 km/t. Det resulterte i 4.150 kroner i forelegg og to prikkar på førarkortet.

Mistenkt for ruskøyring

Fredag kveld i 22.30-tida blei ein bil stoppa på Søfteland.

Bilførar, ein mann i 40-åra frå Bergen, er mistenkt for køyring i rus. Det blei tatt beslag i førarkortet og oppretta sak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.