Lokal | 24. jan. 2019

Utforkøyring på Moberg

– Eg bør kjøpa meg slepetau snart. Det er den fjerde bilen eg tauar ut av grøfta på éi veke, seier Gabriel.

Utforkøyring på Moberg
Bilen blei taua ned på E39 Halhjemsvegen. Førar var uskadd. (Lesarbilde, foto: Gabriel Walden)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 24. jan. 2019 10:26

Det har kome påfyll av snø natt til torsdag, og i 10-tida torsdag formiddag hamna ein bil i grøfta på Moberg.

Bilen hadde kryssa brua over Halhjemsvegen, men klarte ikkje den krappaste delen av svingen ned mot E39.

– Førar var åleine i bilen og framsto som uskadd. Vi brukte litt tid på å få tak i slepetau, men etterkvart så fann ho eit i sitt eige bagasjerom, fortel Gabriel Walden Michelsen.

Han kom køyrande rett bak og tilbydde seg å hjelpa. Slepejobben gjekk fint, sett vekk frå at ein ambulanse delvis sto i vegen.

– Eg veit ikkje kvifor den kom, men den kom med blålys og parkerte framfor meg mens eg slepte. Det gjekk heldigvis fint likevel.

Taua fire bilar på éi veke

Den siste veka har Gabriel fått mykje bruk for firehjulstrekk på A6-en sin.

– Eg har hatt ein tendens til å vera «på feil plass til rett tid».

Det er faktisk den fjerde bilen eg tauar ut av grøfta på éi veke, seier Gabriel og ler.

– På tide å kjøpa seg slepetau, då?

– Ja, det er kanskje det.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.