Irgenskrysset i vinterdrakt søndag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Irgenskrysset i vinterdrakt søndag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

To utforkøyringar og eitt førarkortbeslag

Glatte vegar byr framleis på utfordringar.

Kjetil Vasby Bruarøy
13. januar 2021 - 9:33
  • Onsdag morgon køyrde eit vogntog utfor på E39 Osveien på Vallaheiane.
  • Langs Lyseklostervegen heng det eit tre over nokre leidningar, ifølgje BKK Nett.

Då snøen kom laurdag køyrde ein bil utfor i ein sving og inn i ein konteinar, søndag hamna ein bil på vippen utfor ein mur og måndag var det ein bil som velta i Langedalen og ein annan som sto fast - på sommardekk.

Også tysdag var det nokre tilfelle av vanskar på vinterføret i Os.

– Ein bil glei av Strønevegen og hamna i ei grøft i 15-tida. Det var ingen personskade, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.

Trafikken gjekk fint forbi og bilførar, ein mann i starten på 20-åra, sette opp varseltrekant.

Køyrde i lyktestolpe

I 18-tida hamna ein veteranbil utfor vegen i eit nabolag langs Hegglandsdalsvegen.

– Bilførar, ei kvinne i 30-åra, kom uskadd frå det. Også stolpen var uskadd eller lite skadd, men det kom nokre skadar på bilen.

Ingen av utforkøyringane førte til reaksjonar frå politiet. 

Gjorde funn under ransaking av bil

Men i 01-tida i natt kontrollerte dei ein bilførar i eit nabolag nord for Os sentrum.

– Bilførar, ein mann i midten av 20-åra frå ein annan kommune, er mistenkt for køyring i rusa tilstand. Ransaking av bil førte til funn av stoff og brukarutstyr.

Politiet tok beslag i førarkortet og har oppretta sak. Mannen er meldt for køyring i rusa tilstand, bruk og besittelse av narkotika. 

Les meir om

Lokal Politi