Kultur | 27. feb. 2018

– Utseld i by'n, eg?

Stor interesse før Bergenspremiera på «To meter tulling» med Thomas Helgesen.

– Utseld i by'n, eg?
Det er berre halvannan veke til Thomas Helgesen tek med seg «To meter tulling» til Lille Ole Bull i Bergen (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretirsdag 27. feb. 2018 13:58

På sjølvaste kvinnedagen, torsdag 8. mars, har Thomas Helgesen nypremiere i Bergen på suksessen «To meter tulling» som gjekk sigersgangen på Oseana i fjor haust.

– Det ser ut som om salet går bra. Eit show allereie utseld med halvannan veke igjen?

– Uff, ikkje nemn at det ikkje er lengre til. Men, ja. Det har gått litt billetter i det siste. Det er tydeleg at finanskrisa er over, når folk vil bruka to-tre hundre kroner på ein tulling, ler Thomas Helgesen når Midtsiden ringer.

Han har ikkje sjølv tilgang på billettsalet, men har fått tilbakemeldingar på at det har vore bra sal på showa fredag og laurdag.

– Det er vel dagar det er typisk å gå ut på og ta seg ei øl. Dei to showa eg skal ha på torsdagane er det vel framleis litt betre plass på.

Strilehumor på intim scene

Helgesen fortel at det meste av showet frå Oseana blir med til by'n.

– Eg har tatt vekk sangnummeret. Bondepikene som var med meg skal ha eiga show i løo på Lekven. I tillegg så har eg kutta og trimma litt her og der, men eg har tatt vare på strilehumoren og kjem nok til å bikke timen.

– Nokre tilpassingar blir det sjølvsagt. I staden for urinering i Industrivegen på Os, så kan det vera at det skjer i Kalfaret i Bergen.

– Det blir òg veldig spennande å stå på ei så intim scene som det er på Lille Ole Bull. Den er jo berre ein fjerdedel av scenen på Oseana og maks ein meter frå dei på første rad, så publikum kjem tett på.

Vil ikkje drita seg ut

Ettermiddagane i vinterferien går med til å pugge tekstar fortel komikaren.

– Eg har jo ikkje lyst til å drite meg ut når eg skal stå på scenen i by'n, så det gjeld å ha ein skjerpings no når det drar seg til. Det er jo slik at det heile tida ligg i bakhovudet.

– Du er ikkje i ferd med å gå lei tekstane då?

– Nei, men eg tenkjer jo av og til på morsomme tvister på ulike ting, men i staden for å flette det inn, så får eg spara det til andre samanhenger. Når eg ser på dei som verkeleg kan dette, som Dagfinn Lyngbø som eg først såg i Bergen og så på Os lenge etterpå, så er det jo ikkje mykje han endrar på. Det er vel det som er kunsten, å halde trøkket oppe.

Mykje merksemd

Helgesen fortel at han etter showa i Oseana fekk mange oppmodingar om å ta det vidare.

– I euforien etter Oseana var det mange som sa til meg at dette var så bra at eg måtte ta vidare, så gjenstår det å sjå om dei får rett.

– Eg har fått veldig mange positive tilbakemeldingar på at show kjem i Bergen og forstår at det er ein god del osingar som har planar om å reise ned. Det er veldig kjekt.

– Du har fått litt merksemd frå Bergenspressa òg?

– Ja, jo. Eg har no det, både hos BT og TV Vest, og i dagane som kjem skal eg visst ein tur til Fanaposten, P5 og NRK Hordaland så det blir litt merksemd av den kleine sorten òg, avsluttar Helgesen i ei tone som tydar på at han eigentleg set pris på det.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.