Kultur | 02. des. 2013

Utselt på éi veke

Peppes har berre sju billettar igjen til romjulsblues, og dei er reservert. – Vi vurderer å utvida julekapasiteten, seier Fredrik Schult.

Utselt på éi veke
Blue Note Shuffle, f.v.: Torbjørn Kristiansen, Kjell Arne Haringstad og Steinar Lyssand, har spelt på Peppes før. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 02. des. 2013 21:15

Musikar Stein Lyssand og restaurantsjef på Peppes Pizza Os, Fredrik Schult, står bak årets romjulsblues.

Konserten blir arrangert på Peppes laurdag 28. desember med Lyssand sitt band, Blue Note Shuffle bak mikrofonane.

– Blues i romjula har jo samla osingar i årevis, men vi visste ikkje at det kom til å ta sånn av, seier Fredrik.

I dag er det éi veke sidan han la ut billettane, og han har berre sju billettar igjen.

– Dei er reservert, men om ikkje dei blir henta i dag så ryker dei nok ut i morgon, trur han.

Vurderer å utvida

Med denne responsen skulle Fredrik ønskt at han hadde større plass.

– Det er ikkje kjekt for verken oss eller dei som ikkje får plass, men vi kan berre ta inn 150 gjestar.

– Eg har sett etter løysingar for å få veggar og tak rundt delar av uterestauranten, eit tett telt eller liknande.

– Førebels har eg ikkje funne nokon som kan ta jobben, men det er berre til å ta kontakt om du tar utfordringa, oppmodar han Midtsiden-lesarane.

– De har ikkje vurdert å kjøra ein tilleggskveld med blues eller annan livemusikk, då?

– Det er kanskje eit alternativ, men førebels har vi ikkje noko klart.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.