HV-09 skulle hatt fleire øvingar neste veke, blant anna på Voss og i Bjørnafjorden. (Pressefoto)
HV-09 skulle hatt fleire øvingar neste veke, blant anna på Voss og i Bjørnafjorden. (Pressefoto)

Utset øving for 500 soldatar

Heimevernet set fire øvingar på vent grunna smitteoppblomstring.

Kjetil Vasby Bruarøy
12. september 2020 - 9:23

Om lag 500 soldatar tilknytt Bergenhus Heimevernsdistrikt 09 (HV-09) sine avdelingar skulle stilt på øving i løpet av den neste veka. Aktivitetane er no utsette.

– Grunna lokal smitteoppblomstring av koronaviruset, med reiseråd og øvrige restriksjonar, vert treningane våre i perioden frå og med 12. september til og med 21. september utsette, fortel sjef Bergenhus Heimevernsdistrikt 09, oberstløytnant Christoffer T. Knutsen.

Avgjerda er tatt i samråd med HV-09 sin distriktslege og Fylkeslegen. 

– Det er naudsynt at vi som beredskapsorganisasjon tek del i dugnaden no, stadfester distriktssjefen.

Aktivitetane som er utsette er opptaket til innsatsstyrke Bjørn West, Voss HV-område si skarpskyting i Voss herad og treningane til HV-områda Mongstad og Sture i kommunane Bjørnafjorden og Øygarden.

– Vi tar opp igjen øvingane våre når lokal smittespreiing er under kontroll. Soldatane som skulle vore på øving får melding på SMS og i Altinn, seier oberstløytnant Knutsen.

Les meir om

Lokal Korona