Politi | 05. des. 2022

Utsett for hærverk i Endelausmarka

Både panser og begge sidene på bilen er ripa opp.

Utsett for hærverk i Endelausmarka
Dette synet møtte eigar førre måndag. Også begge sidene er ripa opp. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 05. des. 2022 17:23

Ein bil som sto parkert på ein av pendlarparkeringsplassane i Endelausmarka er utsett for hærverk.

Hærverket blei oppdaga etter at bilen blei henta måndag for ei veke sidan.

– Vi oppdaga faktisk ikkje før det var gått nokre dagar, for det var mørkt då vi henta bilen, så vi køyrde den berre heim i garasjen, fortel eigar.

Ho bur i Lysefjorden.

– Eg blei sint då eg såg skadane! Pendlarparkeringa i Endelausmarka er eit godt tilbod, men det er skuffande at bilen ikkje fekk stå i fred.

Bilen sto parkert frå søndag klokka 15 til måndag klokka 17.

Bildeserie:

1 av 2

Det sto fleire bilar på plassen då eigar henta sin, men sidan ho ikkje oppdaga hærverket før etter nokre dagar, sjekka ho ikkje dei andre bilane.

– Men eg lurer på om også andre har vore utsett for noko liknande, og oppmodar eventuelle vitne om å kontakta politiet.

– Forholdet er no anmeldt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.