Lokal | 14. aug. 2012

Utstilling med gratiskonsert

Laurdag opnar Vedholmen Galleri si seinsommarutstilling. Til opninga arrangerer dei også sin første konsert.

Utstilling med gratiskonsert
Beate Einen stillar ut glaskunst (pressefoto)
Kari M. Lyssandtysdag 14. aug. 2012 12:38

Kystsogevekene startar 18. august, og i samband med det held Vedholmen seinsommarutstilling.

Glas og grafikk

Det er dei to vestlandskunstnarane Kristian Finborud og Beate Einen som kjem til Vedholmen for å stilla ut.

Grafiker Finborud er kjent for sine personlige landskapsbilder. Glaskunstner Einen sin kunst har i år vore vist både i Frankrike, New York og London.

- Det er to generasjoner kunstnarar som møtes, og som kler kvarandre, seier Vibeke Harild, kunstner og medeigar i Vedholmen Galleri.

Første konsert

Vedholmen ønskjer også velkomen til konsert. Det er i samband med opninga til seinsommarutstillinga, og vil vera den første konserten i galleriet si historie.

- Det er trioen "1982" saman med multi-musikkkunstnar Per Jørgensen som kjem og konserten vil vera gratis for publikum, seier Harild.

Jørgensen er ein anerkjent og prisvinnande musikar med ei 40 år lang karriere bak seg. Han har spela på dei fleste jazzfestivalar i Noreg, og har over 20 plater bak seg.

Trioen " 1982 " speler eksperimell musikk med bl.a. trøorgel, hardingfele og trommer, og nyter også heder i utlandet for sitt unike uttrykk.

- Eg vil ønskja alle velkommen til ei herlig seinsommarutstilling, avsluttar Harild.

Utstillinga vil vare gjennom heile Kystsogevekene, fram til 19. september.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.