Kultur | 20. jan. 2014

Utvida bibliotek opna i dag

Lås deg inn i ny lesesal: Os folkebibliotek har utvida frå 700 til over 1000 kvadratmeter.

Denne nye lesesalen blir tilgjengeleg frå 7 om morgonen til 23 om kvelden når nytt låssystem er på plass. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 20. jan. 2014 12:22

Bildeserie:

– Kjøkkenet får også vasskokar, fortel Trine Rosland. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Os folkebibliotek held framleis til i Os Næringspark. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Barneavdelinga har blitt større. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Det har også ungdomsavdelinga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Og fag-kroken for vaksne. Her kjem nye møblar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Her er den nye, store lesesalen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Kjøkkenet får også vasskokar, fortel Trine Rosland. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Os folkebibliotek held framleis til i Os Næringspark. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 6
Os folkebibliotek held framleis til i Os Næringspark. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Barneavdelinga har blitt større. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Det har også ungdomsavdelinga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Og fag-kroken for vaksne. Her kjem nye møblar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Her er den nye, store lesesalen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Kjøkkenet får også vasskokar, fortel Trine Rosland. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

I starten på januar låste Os folkebibliotek dørene for å utvida. I dag var første opningsdag etter byggearbeidet.

– Vi er open for publikum igjen, men kjem til å arrangera ei offisiell opning seinare, fortel bibliotekar Trine Gjerding Rosland.

Biblioteket har blant anna fått utvida barneavdeling, nytt grupperom og ein stor, ny lesesal som skal få eit eige låssystem så brukarane kan ha glede av salen utanom opningstidene.

– Når systemet er på plass, truleg om eit par veker, kan brukarar over 18 år kvittera ut nøkkelkort og bruka lesesalen frå klokka 7 om morgonen til 23 om kvelden.

– Vi har fleire elevar ved vidaregåande skular, studentar og vaksne som driv fjernundervising, som set pris på å ha ein stille stad å lesa. Desse får no ein betre plass å sitja og langt fleire timar å studera, om dei vil.

Lesesalen har også eit eige lite kjøkken som skal utrustast med vasskokar. Når resten av biblioteket er ope er det dør direkte inn til bokhyllene og meir kunnskap.

– Alt har fått betre plass

Utanom lesesalen har biblioteket no auka frå eitt til to grupperom.

– Også her kan elevar eller andre trekka seg tilbake og jobba saman, om dei vil.

Andre avdelingar har også fått betre plass, som avdeling for ungdom og avdeling for faglitteratur for vaksne.

Eventyrstund og stengt bibliotek

– Ei anna utviding vi set stor pris på er barneavdelinga. Denne blir blant anna brukt når vi har barnehagar eller skuleklassar på besøk. Avdelinga har blitt rundt 60 kvadratmeter større.

Allereie førstkomande onsdag, og onsdag i neste veke, er det eventyrstund for 1. klassingar i Os. Då kjem, som tidlegare år, Merete Gauden for å lesa for ungane.

Sjå video frå eventyrstund med Gauden i 2012.

– Desse onsdagane held vi, som vanleg når det er eventyrstund, stengt for anna publikum. Men elles er vi open som før.

Levering og henting

– Har du bøker eller filmar du skulle levert i desember eller januar kan du levera denne veka utan å få purring.

– Har du bøker du har reservert, som skulle vore henta i desember, held vi på dei ut veka før vi set dei i hyllene igjen, seier Trine Rosland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.