Kuventræ gravplass blir utvida med cirka 1000 nye plassar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Utvida gravplass tar form

Til sommaren skal nye Kuventræ gravplass, den første tilpassa for muslimar, stå "klar til bruk". I neste veke skal ei anna utviding opp til behandling. 

image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Bygginga av utvida gravplass på Kuventræ er godt i gang.

Arbeidet starta sommaren 2013 og skal resultera i rundt 1000 nye gravplassar, ny hovudinngang og utvida parkering.

Utvida gravplass skal stå klar sommaren 2014.

Treng fleire utvidingar

– Det er ei auke vi har behov for, seier kyrkjeverje Gerhard Hansen i Os kyrkjelyd.

– For det første forbruker vi eit visst tal graver frå år til år, for det andre så ligg vi under kravet til kor mange graver ein kommune skal ha disponibelt.

I 2012 var det 99 innbyggarar i Os som døydde. I løpet av dei tre første kvartale i 2013 var det 89 frå Os som mista livet.

– Kravet er at kommunen skal ha eit tal disponible graver som tilsvarar 3 prosent av innbyggartalet. Då vi passerte 18.000 innbyggar var talet langt under 600 disponible.

Os kommune treng fleire utvidingar få år etter at utvida versjon av Kuventræ gravplass er ferdig.

I plan- og bygningsutvalet neste veke skal detaljregulering av utvida gravplass på Nore Neset opp til behandling.

Halv plass ved kremering

Kuventræ gravplass blir utvida med knappe 1000 nye plassar. Men talet på plassar blir høgare dersom fleire vel kremering.

– Ved kremering kan dei pårørande velja mellom å få oska spreidd for vinden. Då blir oska spreidd på eit fjell eller i sjøen, men det krev søknad til fylkesmannen der det blant anna må visast som sannsynleg at dette var avdøydde sitt ønske.

– Ved spreiing for vinden får du ikkje eit minnesmerke å gå til, noko som truleg er medverkande årsak til at få vel dette. Dei fleste får ein gravplass til urna.

Gravplass til urner tar halvparten så stor plass som gravplass til ei kiste. 

Også tilpassa for muslimar

På Kuventræ blir det eit eige område for graplassar med urner.

 Den utvida delen av gravplassen på Kuventræ er også den første i Os som også er tilpassa muslimar.

– Muslimar skal gravleggast med hovudet i retning Mekka.

– Gravplassen på Kuventræ blir tilpassa dette, sånn at muslimske osingar kan gravleggast på rett måte når dei døyr, fortel Hansen.

 

Fleire saker