Jonathan Dyrstad har fått Joakim Nordstrønen med seg i salsteamet til ti år gamle Båtens Beste. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Utvida høgsesong hos 10 år gamle Båtens Beste

Noregs største Askeladden-forhandlar styrkar salsteamet.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

– Vi meiner sjølv at vi har vore varsame, og tatt det så roleg som mogleg, sa gründer Jonathan Dyrstad då Båtens Beste i 2009 fylte eitt år.

I 2009, året etter at finanskrisa råka båtbransjen hardt, utvida dei frå 4 til 13 tilsette. Dei flytta nemleg frå å vera frittståande plastverkstad i nabonaustet til Askeladden på kaien i Askvik, til å overta verkstad, butikk og sal av Askeladden.

Seinare har det vore både fusjon og endringar i eigarstrukturen. Dyrstad eig i dag 10 prosent av Askeladden Boats AS. Hovudaksjonær Henrik J. Askvik styrer produksjon og sal til forhandlarar, mens Jonathan driftar Båtens Beste, forhandlaren Askeladden si heimbygd.

I desse dagar markerer dei 10-årsdagen til Båtens Beste, eit firma som raskt blei endra og fekk mange bein å stå på.

Vil dobla salet av brukte båtar

– Ved sidan av utstyrsbutikk og sal av nye båtar, har vi plast- og motorverkstad, vinterlagring og sal av brukte båtar.

– Eg ser at vi har potensiale til å auka salet frå 40-50 til 70 nye båtar og frå 10-15 til 30-40 brukte båtar i året.

Årsaka er hyppig skifte av båt, og at innbyte kan vera utløysande faktor for dei som ønskjer noko nytt.

– Mange bruker tid når dei skal kjøpa ny båt, men det er også mange som har det travelt, spesielt når sesongen er i gang. Om vi gir ein pris på innbyte, så får dei ein garantisum i botnen, i tilfelle dei ikkje klarer å selja den sjølv. Då er det lettare å slå til på ny båt.

– Sal av brukte båtar gir oss dessutan eit større utval, både i merke og prisklasse. Vi ser det som eit fint supplement, seier Jonathan, som no har styrka salsteamet.

Med seg på laget har han Joakim Nordstrønen, som overført frå verkstad til sal. Joakim har lang fartstid som båtmekaniker, også i eige firma.

– Med hans kunnskap i salsteamet er vi spesielt styrka innan innbyte og bruktbåt, men òg på sal av nye båtar. Han eig sjølv to nye, store Askeladden-båtar, og kan båtane inn og ut.

Ope visingssenter to dagar i veka

I april i år opna Båtens Beste eit visingssenter, «Askeladden showroom», i delar av den gamle fabrikken i Strønevegen.

Her står heile utvalet utstilt, sånn at forhandlaren kan ta kundar med under tak og visa båtane grundig.

– Visingssenteret blei i periodar litt ribba for båtar, den gode sommaren skapte veldig stor etterspurnad. Men no er utstillinga så og seia komplett, i tillegg har vi plass til nokre brukte båtar her.

– Visingssenteret har vore eit veldig godt hjelpemiddel. Kundar som har sett bilde på nett, og nærmast bestemt seg, får gjerne ei anna oppleving når dei får gå om bord i alle båtane, og då ender dei gjerne med å endra meining. Det beste er jo å endra meining før du kjøper, ikkje etterpå.

I tillegg til å ta kundar med seg frå butikken på kaien og opp til visingssenteret, held dei «mini-messa» open kvar torsdag ettermiddag og kvar laurdag gjennom heile året.

– Her er det rom for å koma innom og sjå nærmare på båtane, eller berre ta ein kaffi og slå av ein båtprat mens du gler deg til sommaren. 

– Visingssenteret har òg blitt ein oase for oss som jobbar her. Vi har høgsesong året gjennom, med rundt 180 båtar opp til vinterlagring gjennom heile hausten, service på båtane mens dei er på land, og sjøsetjing igjen allereie frå slutten av januar. Då er det godt å ha nokre timar i veka her i utstillinga, i litt lågare tempo, omringa av salsklare båtar, seier Jonathan og Joakim.

 

 

Fleire saker