Næringsliv | 28. feb. 2015

Utvida med 900 kvadratmeter

Alutec AS har investert over 22 millionar i ny hall, utvida kontorfløy og full oppgradring av luft- og varmeanlegg.

Utvida med 900 kvadratmeter
Alutec-brørne Knut-Jarle (t.v.) og Espen Aspenes i det nye møterommet etter utvidinga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 28. feb. 2015 09:50

Bildeserie:

Espen i den nye 700 kvm store hallen. – Vi produserer ein del for lager. Til våren klarer vi ikkje å laga nok stillas. (Foto: KVB)
Espen i den nye 700 kvm store hallen. – Vi produserer ein del for lager. Til våren klarer vi ikkje å laga nok stillas. (Foto: KVB)
Produksjonssjef Einar Lepsøy har full kontroll frå nytt kontor.  (Foto: KVB)
Produksjonssjef Einar Lepsøy har full kontroll frå nytt kontor. (Foto: KVB)
Alutec har investert mykje i luft og varme.  (Foto: KVB)
Alutec har investert mykje i luft og varme. (Foto: KVB)
Det nye anlegget varmar også opp resten av byggmassen.  (Foto: KVB)
Det nye anlegget varmar også opp resten av byggmassen. (Foto: KVB)
Med ny kontorfløy kom også ny heis.  (Foto: KVB)
Med ny kontorfløy kom også ny heis. (Foto: KVB)
Den nye sveiseroboten.  (Foto: KVB)
Den nye sveiseroboten. (Foto: KVB)
Kim Ove Henriksen styrer roboten, som er del av den auka automatiseringa av produksjonen.  (Foto: KVB)
Kim Ove Henriksen styrer roboten, som er del av den auka automatiseringa av produksjonen. (Foto: KVB)
Nye garderobar og ny kantine har det også blitt plass til.  (Foto: KVB)
Nye garderobar og ny kantine har det også blitt plass til. (Foto: KVB)
1 av 8

Stillas- og bryggeprodusent Alutec AS har lenge vore eit svært lønsamt firma. I 2013 var det berre offshoreselskapet DWC AS som hadde eit høgare overskot (sjå topp 100-liste).

– Grunna noko pessimisme i AS Norge mot slutten av 2013 hadde vi venta ein nedgang i fjor, men vi vaks litt også i 2014, fortel Knut-Jarle Aspenes.

I 2007 var førre utviding og oppgradering av bygget i Industrivegen. Då trudde dei at dei hadde rikeleg med plass i mange år.

– Dei siste åra har veggane «bult» litt. To nytilsette seljarar måtte vi plassera i eit anna bygg vi eig, fortel Espen Aspenes.

No er alle under same tak i nyutvida Alutec-bygg. Aspenes-brørne har fått bygd ein ny hall på 700 kvadratmeter. 200 kvadratmeter av den gamle industrihallen er bygd om til to etasjar, altså 400 kvadratmeter med nye kontor, heis, møterom, kantine og garderobar.

– No har vi god plass, også til nokre år fram i tid. Trur eg, seier Espen og ler.

Fekk 300.000 i støtte – og 300.000 i utgifter

Det er ikkje berre utvidinga som har kosta, Alutec har fått utført teknisk oppgradering av heile byggmassen. Dette inkluderer, forutan heis i kontorfløyen, friskluftsanlegg og varmegjenvinning både den nye og gamle produksjonshallen.

– Løysinga vi valte utløyste 300.000 kroner i støtte frå Enova. Det var vi takksame for. Men støtta fører til krav om rapportering fem år fram i tid, og for å vera i stand til å rapportera har vi måtta kjøpa utstyr for 300.000.

– Staten gir med den eine handa og tar med den andre. Eg gadd ikkje irritera meg ein gong, eg berre lo, seier Espen.

Totalt har arbeidet med utviding og oppussing kome på over 22 millionar kroner.

Ny robot og nye tilsette

Arbeidet med utvidinga er gjennomført av Helgesen Tekniske Bygg AS frå Osterøy, og starta i mai i fjor.

Den nye verkstadhallen var i drift i november, i den nye kontorfløyen er arbeidet over, bortsett frå noko etterarbeid og nokre mindre justeringar.

– I produksjonen har vi også investert i ein ny sveiserobot. Denne utgjer cirka eit halvt årsverk, men er ikkje sett i drift for å erstatta nokon. Roboten er med på å sikra stabil og jamn kvalitet og gir rom for betre arbeidsmiljø og meir interessante oppgåver for produksjonsarbeidarane våre.

Sidan i sommar har Alutec mista rundt fem yngre arbeidarar grunna skulegang, men har tilsett seks nye i produksjonen.

– Tidlegare på året, då vi fekk status som eineforhandlar av løfteutstyr frå Böcker, tilsette vi to mann på sal. Også Böcker-salet har gått greit.

Eit industriområde for framtida?

Det kan med tida kome store endringar innan både infrastruktur og handlemønster i Os kommune. I år er det byggestart på ny E39 frå Os til Bergen, når vegen i 2022 er ferdig opnar det nye næringsarealet i Endelausemarka.

Samtidig blir det jobba for fullt med ny veg frå Bergen til Stord, som kan bety bru over Bjørnafjorden og nye tunnellar sørover i Os.

Noko som har vore nemnt i desse samanhengane er eventuelle endringar i Industrivegen, om området kjem til å gå meir over frå industri til storhandel.

Alutec, som frå før har Montér og Flåten Bygg som naboar, får snart også Bygger’n vegg i vegg.

– Det er allereie ein god kombinasjon mellom industri og handel i området, og verksemdene ser ut til å leva saman på ein fin måte, synest Espen og Knut-Jarle.

– Kva som skjer om 8-10 år er vanskeleg å seia, men vi såg ingen grunn til å venta med utvidinga vår.

Har plass å veksa på

Aspenes-brørne eig fleire større hus og tomter i Kolskogen og Industrivegen, også frå Alutec-tomta samanhengande bort mot Svegatjørn.

– Vi har 15 mål tomt her vi ligg i dag og meire plass å utvida på, om det ein dag skulle bli behov for endå meir plass.

– Korleis er målsetnaden for første år i nyutvida bygg?

– Vi driv i ein bransje der vi ikkje har ordrereservar, det meste av salet går frå dag til dag og veke til veke. Vi har fått ein god start på året, og har våre eigne mål internt, men har i grunnen ikkje noko godt grunnlag å spå framtida ut frå.

– Ting kan skje fort i byggebransjen, og påverka ulike verksemder på ulik måte, både i positiv og negativ retning. Vi har lært oss at vi veit ikkje korleis året blir før året er ferdig, seier Knut-Jarle Aspenes

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.