Næringsliv | 11. juli 2012

Utvida med sommarkiosk

Bunnpris Vedholmen Landhandel har allereie selt 100 liter med softis i den nye kiosken på brygga.

Utvida med sommarkiosk
Inglaug framfor den nye kiosken på brygga bak butikken. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 11. juli 2012 14:43

Vedholmen Landhandel fekk utvida opningstider då dei for nokre år sidan blei med i Bunnpris-kjeden.

No har butikken, som også er søndagsopen, utvida yttarlegare.

Avlasting for butikken

– Kiosken blir open i sommar og enkelte fine helger på seinsommaren, fortel Inglaug Brimsholm.

– Vi held kiosken open i delar av opningstida til butikken og utover kvelden etter at butikken er stengt. På dagtid fungerer den som fin avlasting for butikken, dei som berre skal ha seg ein is og eit pizzastykke kan gå rett i kiosken i staden for i køen bak dei som har meir i handlekorga.

Populært med softis

Kiosken har snop, fast-food, kaffi og is - også softis.

– Softisen blei populær frå første stund, ei lita veke etter at softismaskina kom på plass hadde vi selt 100 liter.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.