Lokal | 18. apr. 2018

Utvida «opptak» til Os gatelag

– Alle er velkomne, vi har fleire spelarar utanom dei som bur på Vartun, og utanom dei som har vore avhengige av rus, seier Hitland.

Utvida «opptak» til Os gatelag
F.v.: Robert, Tor Arne, Emil og Cathrine saman med Endre Brenne frå Os Fotball. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 18. apr. 2018 13:17

Os kommune og Vartun Oppfølgingstjenester sitt prosjekt «Livskvalitet» har vore ein suksess på fleire område.

• Les òg: Rustar opp Ervikane

I 2016 stilte dei som B-Gjengen og stal 2. plassen i Dragebåtfestivalen, i 2017 spelte dei med nystarta gatelag 4-4 mot lokalt kjendislag, med spelarar som Sverre Lunde Pedersen og Eirik Søfteland, i ein strålande showkamp (sjå video) under Eat Move Sleep-cup.

– Gatelaget heldt fram med trening ut sesongen. På slutten av hausten blei vi litt få på trening, men no er vi i full sving igjen, seier Tor Arne Hitland frå Vartun.

I dag var dei 11 menn og kvinner i sving på kunstgraset på Kuventræ.

– Dette er ope for alle, det er berre til å kontakta oss eller møta opp her på dagtid om onsdagane. Kjem vi opp i 14 eller meir på trening kan vi spela 7 mot 7, det gir god øving inn mot kamp.

– Ei god kjensle å vera i aktivitet

Ein av dei nye spelarane på Os sitt gatelag, Cathrine Kuven, synest det er kjekkare å spela fotball enn å sjå på.

– Eg dreiv med handball då eg var ungdom, innan fotball er eg heilt fersk. Men det er veldig gøy! seier ho.

Robert Hatvik speler for gatelaga til både Frelsesarmeen og Brann, og gler seg over at også heimbygda har fått gatelag.

– Av alt eg kjenner til av tilbod i Os så er dette det beste! Å spela fotball, å få ei god treningsøkt utandørs, er ikkje berre kjekt, det gir ei god kjensle etterpå!

Vil sjå etter fleire støttespelarar

Os Fotball er glade for å få nok eit lag inn i klubben.

– Det er hyggelege folk å bli kjent med, både på banen og når dei har fellesmåltid i klubbhuset, noko dei av og til har i samband med trening, seier dagleg leiar Endre Brenne.

Dei nye medlemmane har gode rabattar på treningsklede, er i ferd med å bestilla årets draktsett og har, som andre medlemmar, fri entré på Os sine kampar, som NM-kampen mot Åsane i kveld.

– I tillegg til å prøva å få med litt fleire spelarar, vil vi no ut og sjå om vi kan få oss eit par sponsorar til. Då kan vi få råd til ein tur til Haugesund for å spela mot deira gatelag. Får vi til ein sånn tur i sommar, så ville det vore noko bra å sjå fram til, og truleg blitt eit høgdepunkt for sesongen, seier Hitland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.